Kultur | 05. juli 2011

Ein nasjonal attraksjon

Oseana kan utvikla seg til ein nasjonal attraksjon trur arrangementssjefen, men framleis er det litt å retta på.

Ein nasjonal attraksjon
Andris Hamretirsdag 05. juli 2011 10:49

Etter den første veka med ordinær drift trur arrangementssjef Berit Steen at Oseana på sikt kan bli ein attraksjon på minst nasjonalt nivå.

- Tilbakemeldingane vi har fått frå tilreisande den siste veka syner begeistring.

- Begeistringa folk uttrykjer går på arkitekturen, innhaldet i huset og ikkje minst beliggenheten, forklarar Steen.

Ho blir forundra om ikkje Oseana blir arkitekt Andreas Grieg sitt store gjennombrot.

- Du kan seie vi har morsome dagar på jobb om dagen, smiler arrangementssjefen.

Skriv paragonar

Ein del ting er det framleis å retta på.

- Folk flirer godt når vi skriv gamaldagse kvitteringar på paragon-blokker med penn, ler Steen om den litt spesielle aktiviteten.

- Vi har ikkje fått kassasystemet opp å gå enno, så då lyt vi gjera det på gamle måten slik at vi har orden i rekneskapa, forklarar ho.

Ein annan ting dei besøkande har irritert seg litt over er kor vanskeleg det er å finna fram til toaletta. Steen forklarar at dei no er i ferd med å skilta opp huset basert på dei første vekenes drift.

- Vi ser at mellomanna vegen til toaletta må skiltast betre.

Går seg fast i trappa

Den staslege trappa frå foajeen og ned til restauranten skapar og litt hovudbry for driftsselskapet.

- Erfaringane viser at om folk kjem frå første høgda og skal opp så er det ein del som går på utsida av rekkverka. Når dei kjem til toppen så står dei fast, for der er det ingen opning.

Problemet er at rekkverket ikkje er sett i ytterkant av trappetrinna, men ein liten halvmeter innanfor.

- Vi har ikkje heilt sett korleis vi skal løyse den utfordringa enno.

Også handikap-heisen er ho lite nøgd med.

- Der må du halda knappen inne heile vegen mellom etasjane, hvis ikkje stoppar heisen.

- Forklaringa eg har fått er at det er fordi heisen ikkje har innvendige veggar og at det difor må vera på denne måten, seier Steen som likevel håper det finns andre løysingar.

Godt belegg og stor interesse

Mange osingar har uttrykt skepsis til korleis Oseana skal klare å driva utan store innhogg i den kommunale økonomien.

- Løysinga er forsåvidt veldig enkelt. Det handlar om å halda kostnadane nede og inntektene oppe.

- Samanliknar du oss med andre kulturhus har vi ein svært liten administrasjon med berre fire personar. Dette bidreg til å halde lønskostnadane nede.

Når det kjem til inntektene forklarar Steen at dei skal kome frå utleige til kurs og konferansar og billettinntekter og utleige til profesjonelle aktørar i underhaldningsbransjen.

- Så langt har vi 10-15 lukka arrangement av ulikt slag reservert i både september og oktober, fortel Steen.

Dette er alt frå jubileer og bryllup til firmaer som skal ha kick-off og seminarar.

- I tillegg har vi ei rekkje forespurnader som vi held på å reknar tilbud på, seier Steen.

Utfordringa hennar no er at helgene opp mot jul allereie byrjar å bli fullbooka. Ho risikerar difor å måtte seie nei til firma som ønskjer å nytte huset i haust.

Ikkje lokale lag som skal finansiera drifta

Ho forsikrar at dei frivillige laga og organisasjonane som skal nytte huset fast eller til sine arrangement ikkje er dei som skal sikre drifta.

- Kommunen subsidierar husleiga for kunst- og kulturskulen og delar av leiga for lokale lag og organisasjoner, forklarar Steen.

- Eg meiner dei får ein akseptable pris på leige. Litt høgare enn til dømes i Fjellheim, men då må ein ikkje gløyme at dette er eit nytt hus med nytt utstyr, avsluttar arrangementssjef Berit Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.