Kultur | 20. aug. 2020

Ein ny ven har skrive «Dear Friend»

Waterwagon slepp singel i dag.

Ein ny ven har skrive «Dear Friend»
Øyvind, Magne og Ole Amund på scenen under Osfest 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. aug. 2020 12:59

Bandet Waterwagon, med ei rekkje erfarne musikarar frå Os, såg dagens lys med eit brak i fjor.

I mai sleppte dei sin første singel, «Go for tomorrow», med musikkvideo, i juni hadde dei lanseringskonsert på Baronessen og i august runda dei av Osfest.

Debutalbumet kom som planlagt 20. september, «Skamlaust effektivt, skreiv Midtsidens Kjetil Osablod Grønvigh om albumet.

I dag sleppe Waterwagon ny musikk; singelen «Dear Friend»

«Dear Friend« er tilgjengeleg på dei fleste digitale plattformer frå i dag. Det er foreløpig ikkje laga video til låten, men den er lasta opp på YouTube - som du ser i ruta under:

– Multimusikanten Tore Thorsen har skrive tekst og melodi, og deltar òg med glimrande gitarspel, seier frontfigur og vokalist Øyvind Hægland.

– Thorsen er ein driven låtskrivar, og musikar mange i Bergen har hatt glede og nytte av i ei årrekkje. Vi prøvde i tidleg fase å få han med i Waterwagon. Vi har forståing for at han ikkje kunne ta seg tid til å engasjera seg i eit nytt band, og er takksame for at han likevel er med og bidrar på denne måten.

Desse bidrar på «Dear Friend»
Øyvind Hægland - vokal
Tore Thorsen - låtskrivar og sologitar
Daniel Birkeland - gitar og hammondorgel
Ole Amund Gjersvik - bass
Magne Lunde - trommer
Produksjon/mix: Daniel Birkeland

– Korleis har låtskrivinga elles gått, internt i Waterwagon - er det nytt album på veg?

– Eg har mange låtar liggande, så det er materiale til nok til fleire album. Men det krev både tid og pengar, i denne omgang gler vi oss over å gi ut denne eine nye låten, seier Øyvind.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.