Næringsliv | 25. mai 2009

Éin på overnatting

Elkjøp har utvida frå 700 til 1000 kvadratmeter, og hadde kø utanfor då dei hadde nyopning klokka 7 i dag tidleg.

Éin på overnatting
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mai 2009 10:16

Bildeserie:

1 av 5

- Éin av kundane hadde overnatta utanfor inngangen. Han gjekk rett til den utvida TV-avdelinga vår, men eg trur han også var på jakt etter fleire tilbodsvarer, seier Bjørn Fredriksen.

Då dørene til den utvida versjonen av Elkjøp på Amfi Os opna i dag, sto det rundt 150 i kø utanfor den nye inngangen.

- Denne gongen har vi hatt bra tilgang på tilbodsprodukt, så eg trur alle til no har fått det dei var på jakt etter.

Overnatting var med andre ord ikkje naudsynt.

Ny guide
- Det har gått unna med Moccamaster, digitalkamera og mobiltelefonar, seier telefonseljar Cecilie Særvoll.

Ho har fått disk like innanfor døra, og fungerer både som seljar av mobiltelefonar og som guide til resten av butikken.

- Vi får fleire funksjonar når vi står slik plassert. Det kan vera greit for kundane å få hjelp til å finna rett avdeling.

Tele, data og kjøkken
I tillegg til utvida TV-avdeling, har data, telefoni og kjøkken fått utvida plass.

- Vi sel både kvitevarer og heile, nye kjøkken. PÅ elkjop.no kan folk bygga sine eigne kjøkken, og få prisen opp medan dei held på. No får vi vist eksempel på både kjøkken og eit større utval kvitevarer, seier ein av dei tre eigarane, Ronny Sæterdal.

Butikken er i ferd med å utvida med 4-5 tilsette, og kjem då opp i drøye 25 tilsette på heil- og deltid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.