Ein pinse med mykje plasking i Os hamn

Stor laks lokka mange skodelystne. Om åtte dagar (og nokre timar) startar fiskesesongen.

I helga har laksen lagd mykje liv i Os hamn. Dette bildet er tatt i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. juni 2017 13:13

Bildeserie:

Enkelte var for feit til å få luft under finnene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var tett mellom laksefinnene i hamna i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mange sto på brua for å følgja med. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Litt vaking var det òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Enkelte var for feit til å få luft under finnene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var tett mellom laksefinnene i hamna i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4

Onsdag kveld 14. juni er dei heldige som har fått fiskekort til opningsnatta på veg til breidden på Oselvo for å gjera seg klare til startskot ved midnatt.

Sjå videoinnslag av dugnadsgjeng på synfaring torsdag.

I helga har mange av elvefiskarane stått på Osbrua og gjestebrygga for å sjå laks boltra seg i hamna mens dei ventar på å gå opp elva.

Gjennom heile pinsen har ein god stim på ganske stor laks svømt heilt i overflata - og tatt nokre byks opp av overflata.

• Hugsar du? Tok laks på 18 kilo i Oselvo (2013)

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Får påfyll av vatn før opning

Oselvo treng bra med nedbør for at den skal vera god å fiska i.

Det har regna tett måndag kveld, i natt og tysdag morgon, men det skal letta i ettermiddag og det er meldt opphaldsvêr onsdag.

Men det er venta meir nedbør seinare i veka.

Storm melder regn torsdag, fredag og laurdag - ikkje dei store mengdene, men nærmast samanhengande gjennom dagen.

Yr melder litt nedbør midt på dagen torsdag og på ettermiddagen fredag.

For helga har Yr og Storm førebels også litt ulike meldingar - der begge melder lettast vêr laurdag.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.