Lokal | 02. apr. 2019

Ein pluss ein = 28,6 millionar

Kommunesamanslåing kostar: Statstilskotet strekk ikkje til - fellesnemnda vil at Os kommune bidrar med 2,5 millionar kroner.

Ein pluss ein = 28,6 millionar
Fusa kommune tel for 16 prosent av den nye kommunen - Os for 84 prosent. Her representert ved ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap) og varaordførar i Os, Marie L. Bruarøy (H) attende i 2017. (Foto: AH)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 02. apr. 2019 10:03

I kveld er det tid for kommunestyremøte.

Ei av sakene dei folkevalde skal ta stilling til er 2019-budsjettet for kommeunesamanslåinga med Fusa - òg kjend som kommunereforma.

Nye tal frå Fellesnemnda viser ei netto utgiftsramme som er 3 millionar kroner høgare enn dei disponible statlege tilskota.

Os er 84 prosent av den nye kommunen

Fellesnemnda søkjer no dei to kommunane å dekka inn det manglande beløpet. Dette skal gjerast med grunnlag i folketalet i dei to kommunane pr. 01.01.19.

Tal frå SSB (Statistisk sentralbyrå) syner at det 31.12.18 var registrert 20.804 osingar og 3.861 fusingar. Reint matematisk inneber dette at Os kommune skal betala 84 prosent - nærmare bestemt 2.520.000 av dei manglande kronene.

Fusa, med sine 16 prosent av innbyggarane, skal bidra med 480.000.

Statstilskot på 25 mill strakk ikkje til

Dei to kommunane mottok i 2017 eit statleg tilskot på 25.600.000.

Rekneskapen for 2018 er no avslutta, og tala syner at prosjektet i 2018 kosta 10.273.000 kroner. I 2017 var forbruket 584.000.

Dei resterande disponible 14.743.000 syner seg noko lågare enn det som vart lagt til grunn ved budsjetthandsaminga i fjor haust.

Konsulentar og IT krev mykje

Administrasjonen trekk i saksframlegget særleg fram utgifter til konsulenthjelp frå profileringsselskapet og programvareleverandørane som byrja å «rulla» etter kvart som arbeidet i prosjektgruppene skaut fart utover hausten 2018.

Eit refusjonskrav om frikjøp av tillitsvalde traff heller ikkje heilt blink i høve til det som budsjettert.

Administrasjonen skriv vidare at dei har vurdert budsjettet for kommunereforma på nytt, men det dei kallar eit «nokolunde realistisk budsjett» hamnar likevel på 17.743.000 kroner for 2019.

Budsjettposten for IT-utstyr kjem ut på 2.700.000, og omhandlar i stor grad kjøp av basis infrastruktur.

Konsulenttenester er den store «vinnaren» med 3.750.000 til profileringsselskapet og programvareleverandørane - vidare 2.500.000 til hjelp til å byggja ny IT-plattform.

250.000 går med til kulturbygging og 500.000 i tilskot til kyrkjeleg fellesråd.

Ber kommunestyret i Os seia ja

I følgje administrasjonen ligg det i budsjettframlegget ikkje nokon budsjettpost merka «uføresett».

Fellesnemnda sitt budsjettframlegg for kommunesamanslåinga endar då på ei samla netto utgiftsramme på 28.600.000 for åra 2017-19.

I framlegget til kommunestyret kjem det fram at Os kommune vil vurdera å dekka inn beløpet ved bruk av overskot på driftsrekneskapen for 2018 - eit endeleg vedtak må gjerast i samband med behandlinga av årsrekneskapen for 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.