Lokal | 17. mars 2020

Ein samtale som kosta 1.700 kroner

Mann tatt med narkotika - kvinne tatt med telefon.

Ein samtale som kosta 1.700 kroner
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. mars 2020 08:25

Måndag klokka 20.50 blei ein mann kontrollert av politiet.

– Patruljen møtte han litt nord for Os sentrum, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande, som er i 30-åra, hadde seks rivotril-tablettar på seg, og erkjente forholdet. Han blei dimittert etter avhøyr på staden, og det er oppretta sak.

Seinare på kvelden, klokka 23.30, observerte politiet ei dame som snakka i handhalden mobiltelefon mens ho køyrde bil.

Straffa for ulovleg bruk av mobil blei skjerpa 1. januar 2019. Kvinna fekk eit forelegg på 1.700 kroner og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.