Lokal | 30. apr. 2020

– Ein stad for vakre osingar og varme samtalar

Opna moderne salong midt på Osøyro.

– Ein stad for vakre osingar og varme samtalar
Zivile Nikitine (31) og Sandra Narbutiene (32) ønskjer osingane velkommen inn til den nye skjønnhetssalongen i Os sentrum. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 30. apr. 2020 13:31

Skjønnheitsterapautane Zivile Nikitine (31) og Sandra Narbutiene (32) har opna salongen N&N Beauty Studio på Os torg.

Dei hadde planlagt oppstart rett etter påske, men korona førte til utsetjing, og dei to litauiske damene venta til måndag 27. april med å opna.

– Eg og Sandra var einige om at Os trengte ein skikkelig god plass for velvære og skjønnheit. Vi var begge rundt omkring i bygda for å sjå om det var nokon plass å søkja jobb, men vi følte at det var ingen som satsa heilt på same utval som det vi har erfaring frå, og ønskjer å tilby, seier Zivile.

Sandra Narbutiene (32) står her på salongens venterom. (Foto: ØH)
Sandra Narbutiene (32) står her på salongens venterom. (Foto: ØH)

Neglar, vippar og massasje

N&N ønskjer å gå breitt ut innan behandling og tilbod. Manikyr, pedikyr, ansiktsbehandling, alt av vippar og, etterkvart, massasje står på menyen.

– Vi tilbyr alt innan neglar, vippe-extensions, vippe-løft og bryn med ulike formar og fargar. Etterkvart håper vi i tillegg å få inn ei som kan tilby ansiktspleie og massasje. Ho er for tida i morspermisjon, men håper å ha ho i drift til hausten.

Ein god stad å vera

For Zivile og Sandra er det fleire faktorar som spelar inn når det kjem til å driva ein salong.

– Det handlar ikkje berre om behandling. Det er viktig for oss at det er ein plass folk føler seg velkomen, ein plass der ein kan ha gode samtalar og ein plass du får tillit til. God atmosfære skal vera ein del av opplevinga.

– I tillegg har vi vore ekstra opptekne av at fasilitetane er topp moderne, som blant anna interiør og utstyr, det skal ikkje mangla på noko, seier Zivile.

Huseigar, Bjørnefjorden Invest, har i vinter utført omfattande restaurering av etasjen. På våren har òg fasaden fått seg eit løft.

– God behandling med kvalitet er viktig, folk skal kjenna seg godt stelt etter å ha vore innom oss. Men vi er også veldig opptekne av å gi gode råd om ulike teknikkar for bryn, neglar og anna. Kundar skal få hjelp til å kunna gjera ting heime òg, påpeiker Sandra.

Sandra og Zivile har flotte fasiliteter, topp utstyr og er nøgde med ei sentral beliggeheit. (Foto: ØH)
Sandra og Zivile har flotte fasiliteter, topp utstyr og er nøgde med ei sentral beliggeheit. (Foto: ØH)

Heimekontor og kursing

Etter å ha budd i Bergen i mange år fant Zivile og familien i 2014 ut dei ville flytta til Os. Året etter følgde Sandra og familien etter. No trivst dei godt i Bjørnafjorden kommune, og er spente på å starta eige firma.

– Vi har begge fleire års erfaring innan yrket, og har i alle år vore opptekne av å bli kursa til å kunna det siste innan faget. Noreg har dei siste åra blitt meir og meir attraktiv for ettertrakta kurshaldarar, men vi har òg reist på kurs i utlandet for å læra av dei beste, seier Sandra.

Zivile Nikitine visar fram eit av fleire behandlingsrom hos N&N Beauty Studio. (Foto: ØH)
Zivile Nikitine visar fram eit av fleire behandlingsrom hos N&N Beauty Studio. (Foto: ØH)

N&N Beauty Studio har no innreidd lokalet til den tidlegare blomstarbutikken. No kan dei skilta med fire godt utstyrte behandlingsrom, toalett, venterom og resepsjon.

– Eg har jobba innan reinhald i mange år, men tok samstundes fortløpande utdanning innan pleie. Tidlegare dreiv eg med dette heimefrå kombinert med reinhaldsjobben. No var det på tide å slutta med reinhaldsjobben og satsa på eigen salong, fortel Zivile.

– Heldigvis for oss er vi begge gift med entrepenørar, det har hjelpe oss mykje. I tillegg har også huseigar gjort mykje godt arbeid for oss, avsluttar Sandra.

Her kan Osingene få stelt seg klare til ein digital 17.mai. (Foto: ØH)
Her kan Osingene få stelt seg klare til ein digital 17.mai. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.