Lokal | 05. sep. 2011

- Ein stad å vera

«Nye» Allakten ungdomsklubb opnar igjen tysdag under ungdomens eigen ledestjerne «- ein stad å vera».

- Ein stad å vera
Andris Hamremandag 05. sep. 2011 08:05

Både inni og utanpå er det ikkje mange fysiske endringar ein kan sjå hos ungdomsklubben Allakten i Os sentrum. Men når det kjem til innhaldet på klubben kan ein rekna med mange endringar i haust - om ungdomen sjølv vil.

- Vi vil at ungdomen skal få større påverknad på tilbodet, fortel nytilsett kulturkonsulent i kommunen, Kjetil Grønvigh.

Saman med klubbleiar Bulent Kartal har han gjennomført ei spørjeundersøking blant ungdommane som til no har nytta tilbodet.

- Vi ba dei fortelja tre positive og tre negative ting med klubben slik den har vore.

- Ein av konklusjonane frå undersøkinga er at dei rett og slett berre ønskjar ein stad å vera, fortel Grønvigh.

Lyttar til ungdommen

Grønvigh og Kartal har brukt den første tida etter sommaren til å rydda opp i ungdomsklubben. Ut har gamalt skrot og ein utslitt sofa gått, inn har dei mellom anna fått ein ny sofa sponsa av ei lokal verksemd.

- Vi følte det var behov for ei opprydding både fysisk og innhaldsmessig.

- Får å få klubben til bli ungdomens eigen, og ikkje eit tilbod vi «gamlingar» trer nedover hovudet på dei, vil vi etablera eit eige styre med ungdomen representert, så dei får vera med å byggje innhaldet i Allakten vidare.

- Alle dei politiske partia seier dei skal lytta. Vi gjer det. Ungdomen sjølv skal få seia kva dei ønskjer Allakten skal vera.

- Vi skal tilretteleggja for dei og hjelpa dei med å søka midlar og liknande, fortel ein ungdomeleg kulturkonsulent.

- Det skal bli utruleg spennande å sjå kva styret tar initiativ til, seier Bulent Kartal.

- Eg håper berre vi klarer å realisera ønskjene deire i samarbeid med dei, smilar klubbleiaren.

Headhunta vaksenpersonar

Eitt av grepa dei to har gjort er å supplera staben.

- Vi har «headhunta» ein fem-seks personar som vi trur kan bidra med noko nytt til klubben.

- Desse er flotte ulike personar som vi føler kan bidra på forskjellige områder, anten det er musikk, friluftsliv eller anna. Ein av dei er ein godt vaksen mann som kom og ville bidra for å gjera tilbodet til ungdomen så godt som mogleg, fortel Grønvigh.

Millionær i forkledning

Kulturkonsulenten, som har som oppgåve å finna pengar til Allakten, er ein ivirig sjåar av TV-programmet «Millionær i forkledning».

- Om det finns ein «millionær» i bygda som har lyst til å hjelpa til med å realisere ungdomane sine ønskjer så er det berre å ta kontakt.

- Eg skal sørgja for at vi får laga vår eigen versjon av TV-serien og få den sendt på ein passande kanal, lover Grønvigh, som legg til at om «millionæren» heller ønskjer å vera anonym så skal det gå bra òg.

40 år for ungdommen

I arbeidet med å rydda opp har dei to mellom anna grave i gamle arkiv.

- Om vi ikkje tar mykje feil feirar klubben i år 40-års jubileum.

- Aktivitetane har vore mange og varierte med brevveksling med ungdomsklubbane i Bergen og Fana og eige klubbavis for å nemne nokre, fortel Kartal.

Han håper ungdom i 13-18 års alderen framleis finn klubben som ein god stad å vera når dei opnar oppatt på tysdag.

- Det kostar den symbolske summen av 10 kroner for å koma inn, eller 50 kroner for eit halvårs medlemskort.

- Klubben er open kvar tysdag og torsdag. Den eineste faste aktiviteten vi er sikre på er at det blir matservering kvar gong, fortel Kartal, som håper mange nye og gamle brukarar dukkar opp når han opnar døra tysdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.