Lokal | 24. feb. 2020

Éin tatt for urinering - ein annan for å visa fingeren til politiet

I tillegg var det fleire kranglar og tillaup til slåsting i Os sentrum natt til søndag.

Politiet fekk ein del å gjera i sentrum natt til søndag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. feb. 2020 10:31

Fredag blei ein mann og ei kvinne tatt for tjuveri frå ein butikk, laurdag var det meir festbråk å ta hand om for politiet i Os.

– Ein mann i 20-åra blei observert då han urinerte ved sidan av døra på ein utestad i sentrum, fortel politioverbetjent Thomas Juulseth.

Dette var i 23-tida. Vedkomande er meldt.

Seinare på natta, klokka 02.50, fekk politiet ei lite hyggeleg «melding».

– Ein mann kom ut døra på ein utestad og viste fingeren til politiet som var på patrulje.

Vedkomande, også han i 20-åra, er meldt for forulemping av offentleg tenesteperson.

Krangel og tillaup til slåskampar

I 3-4-tida natt til søndag hadde politiet meir å ta tak i.

– Klokka 03.45 var det ein krangel der ein av partane blei vist vekk med pålegg om å halda seg vekke frå Os sentrum til klokka 8 om morgonen søndag.

Så var det nokon som ropte og sa det var slåsting rett rundt hjørnet. Der møtte politiet to menn.

– Dei slåst ikkje då patruljen kom til staden, dei var heller ikkje så snakkesalig, men det hadde vore ein krangel.

Nokre personar som var kasta ut av ein uteplass krangla vidare på utsida.

– Det var snakk om antasting av ein person, men noko uklart kva som hadde skjedd. Ein av dei involverte blei vist vekk frå sentrum med pålegg om å halda seg vekke til neste dag.

UP tok to på Byvegen

Søndag hadde politiet laserkontroll på Byvegen, i 50-sona ved avkøyrsla til Giskavollen.

To bilistar blei stoppa, målt til 57 og 58 km/t. Begge fekk forelegg på 2.100 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.