- For ein thrillar
Laila Reiersten (Frp) går inn og ut av stortinget etterkvart som stemmene blir talte. - Det blir ei lang natt, seier Laila til Midtsiden.no.


Både då 31 prosent av stemmene var talte og no, når 98,9 prosent (oppdatert) av stemmene i Hordaland er registrerte, har Frp nok vekst til at dei får eitt ekstra mandat på stortinget. Den plassen er osingen Laila Reiertsen sin.
- Det er grådig spennande! I den eine augneblinken er eg fast mandat, i den neste utjamningsmandat, seier Laila på telefon frå valvake i Ricks-kjellaren i Bergen.
- Kva veit du om kommunane som er igjen å telja?
- Bergen er viktig, og der er det få krinsar igjen. I alle krinsane vi har fått resultat frå til no har vi hatt framgang, så då var det jubel i salen.
Når vi fortel om framgangen i Os blir ho glad, ikkje minst på Høgre sine vegne.
- Framgang for oss er bra, vi var store frå før. Høgre-effekten hadde vi rekna med, og det veldig kjekt at den slår til.
Laila sit med rundt 100 partifeller og følgjer innspurten på to storskjermar, éin med NRK og éin med TV 2 på. Kandidaten frå Os er i selskap med medlemmar frå heile Hordaland, men førebels er ho einaste osing på Frp si valvake i Bergen.
- Kor tid reknar du med at du med at endeleg resultat er klart?
- Rundt midnatt har dei sagt. Etter dette er det berre få stemmer igjen. Men det blir nok ei lang natt uansett, reknar ho med.