Lokal | 27. jan. 2017

Éin til lege etter kollisjon i Dalen

Politiet har oppretta sak etter eiulykke på Hegglandsdalsvegen fredag ettermiddag.

Éin til lege etter kollisjon i Dalen
Ein bil køyrde i hekken på bilen framfor på Hegglandsdalsvegen fredag ettermiddag. (Lesarbilde, foto: Ruben Tveit)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. jan. 2017 17:58

Bildeserie:

Tauebil kom til staden og vegen blei opna for trafikk igjen. (Lesarbilde)
Tauebil kom til staden og vegen blei opna for trafikk igjen. (Lesarbilde)
1 av 1

Litt over klokka 16 fredag ettermiddag rykte politi og ambulanse ut på melding om kollisjon på Hegglandsdalsvegen.

– Etter kva vi har forstått er det ingen alvorleg skadde. Det skal vera snakk om ei påkøyrsle bakfrå, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen, til Midtsiden klokka 16.13.

Patruljen var då på veg til staden.

Har oppretta sak

Det var til saman tre personar i dei to involverte bilane.

Éin av dei blei frakta til legevakt for sjekk.

– Det er ikkje mistanke om promillekøyring, men det er oppretta sak, fortel Samsonsen.

Vegen var stengt ein periode etter ulykka, men er no open igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.