Lokal | 31. okt. 2020

Ein tilsett ved Lurane smitta av covid-19

5 tilsette og 10 bebuarar i karantene.

Ein tilsett ved Lurane smitta av covid-19
Luranetunet har, for første gong, blitt utsett for smitte. Smittetilfellet er ein tilsett. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. okt. 2020 22:07

Ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19. Dette er første smittetilfelle ved Luranetunet sidan koronapandemien kom til Noreg i mars.

Den smitta er busett i Bergen, og blei smitta der.

Som følgje av dette er ti bebuarar og fem tilsette i karantene fram til og med 8. november (10 dagar etter sist nærkontakt med den smitta).

Det er éi gruppe ved éi avdeling som er i karantene, ikkje ei heil avdeling. Ingen av dei som er i karantene har symptom på covid-19.

– Alle som har hatt nærkontakt med den smitta er varsla, og vil bli testa, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale ifølgje ei pressemelding frå kommunen.

Bebuarane og dei tilsette må vere i karantene perioden ut, sjølv etter negativ test.

Same besøksrutiner som før

Avdelingsleiaren har ringt og informert pårørande til dei ti bebuarane i karantene. Tilsette ved den aktuelle avdelinga og dei andre tilsette på Luranetunet har fått informasjon på SMS. I tillegg møtte leiinga ved Luranetunet dei tilsette som kom på vakt i kveld for å orientera om situasjonen.

– Det er ingen mistanke om smitte til andre avdelingar. Besøksrutinane til resten av Luranetunet vil vera uendra.

– No har vi fokus på å gjere det så trygt og normalt som mogleg for bebuarane våre og dei tilsette i ein unormal situasjon. Dette er ein tøff beskjed å få for oss alle, men eg er sikker på at vi skal greie det saman, seier einingsleiar ved Luranetunet, Åslaug Brænde.

To tilfelle i dag

Dette er det sjette tilfellet denne veka, som altså er ei av to veker med høgast smittetal i Bjørnafjorden kommune.

Tidlegare laurdag kveld varsla kommunen om eit anna smittetilfelle.

Dette er ei kvinne i 30-åra, også ho er smitta i Bergen (men jobbar ikkje ved Luranetunet).

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 27 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingen av dei med symptom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.