Ein tur over fjorden blei dikt om smittevern

Bygdetullingen slår til igjen.

Bygdetullingen i poetisk positur. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. feb. 2021 14:14

Intervjuet «Ingen kan tulla som Tholo», om Øystein «Bygdetulling» Reiertsen Tholo frå Strandvik sine morosame tekstar på Facebook, blei den mest leste saka på Midtsiden i 2012.

I går var han ein tur til Os-sida av fjorden for å testa synet.

I dag publiserte han eit dikt om opplevinga - i ein Facebook-post som i skrivande stund er delt 94 gongar og likt av 457.

Vi har fått lov å dela diktet med lesarane våre:

Eg måtte ein tur inn i raud sone i går
Las alle reglar, heilt frå i vår

Sprit på hender, armar og bein.
Treng ikkje dusja, so lenge ein er rein.

Eg kom meg øve fjorden, skjelven med angst
Skulle virus bli dagens fangst?

Inn på eit senter for å sjekka synet
Planen var ut att raskare en lynet

«Her hos oss er det påbudt med bind»
Eg ba kåno sjekka undiken sin

Kåno vart oppgitt, ho var ikkje blid no
Har du skjønt kva so gjeld på denna sio?

Da e bind mot smittepress
Ikkje dei dar so heite Libresse

Då kom eg på Bent Høies peikefinger
Bindet må so klart ha vinger

Butikkar var stengt med stor plakat
ja bortsett frå dei so sel sprit eller kattamat

Erna har sagt at slik må da vera
Alle må bidra med noke å gjera

Landet er stengt men åpnar nok snart på ny
virusexpress på førsteklasse med fly

Da e ikkje so nøye med stengte grenser
Men nåde deg om du vi kjøpa deg ein genser

Øystein
smittevernsoppgitt mann snart 45

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.