Kultur | 05. mars 2010

Ein vanleg torsdagskveld

Kunnskap og kultur: Med quiz på Opus og jam på Bar2Be er torsdagskvelden innhaldsrik på utelivsfronten i Os.

Ein vanleg torsdagskveld
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. mars 2010 11:00

Bildeserie:

1 av 8

Temperaturen på utelivet i Os varierer med sesong, type arrangement og kanskje av og til også slumpetreff. Torsdagane er kanskje ikkje den typiske kvelden å slå håret heilt ut på, sidan det er arbeidsdag og skule dagen etter. Men tåler du ein litt sigen fredag har nettopp torsdagen mykje å by på.

- Vi har hatt quiz kvar torsdag i 2,5 år, og ligg stort sett på rundt 40 deltakarar. I sommar hadde vi seks veker på rad med over 100 på quiz, torsdagen er ein stabil og hyggeleg kveld for oss, seier quizleiar Linda Johannessen hos Opus.

20 + 20 spørsmål
Du kan stilla på quiz åleine, eller med lag på inntil fire personar. Kvart lag for utdelt ark til å skriva svar på spørsmåla, som Linda les opp frå bardisken.

- Vi tar 20 spørsmål i første runde, før 10 minutt med pause, og avsluttar med 20 nye spørsmål. Den første torsdagen i kvar månad har vi film og musikk som tema, og då startar andre omgang med bilde av nokre kjendisar som folk må setja namn på.

Linda har også blitt spurt om å ha sportsquiz, men held seg til lett blanding dei andre torsdagane.

- Vi har berre film og musikk som tema, resten er miks av ulike tema. Eg trur mange av dei faste gjestane våre ville blitt skuffa om det berre handla om sport ein kveld.

Premie til alle på vinnarlaget
Omsetnaden på quizkveldane varierer ein del. Nokre kveldar er det mange som tar seg nokre øl for å skjerpa sansane, andre kveldar er det rolegare i baren.

- Vi tar 20 kroner i inngangspengar, men det er stort sett for å dekka kostnadar til premie. Deltakarane på vinnarlaget får kvar sin premie, det kan vera alt frå gåvekort til ein cd.

- Kvar finn du spørsmåla til kvar quiz?

- Eg har eigne bøker, og av og til spørsmål eg finn på sjølv, som eg anten veit svaret på eller finn svaret på i bøker eller på internett. Det er litt jobb, men det er veldig kjekt!

Utviding og comeback for jam
Bar2Be hadde suksess med torsdagsjam i fjor vår og utover sommaren. Etter pause i vinter var det oppstart igjen i går kveld.

- Vi starta med torsdagsjam i 2008. Særleg i fjor var det veldig bra besøk, gjerne med 120 artistar og gjestar på plass, fortel Marianne Curtis.

Før det braka laus torsdag kveld håpa ho på at jam-en skal koma tilbake til gamle høgder.

- Sidan dei fleste gjestane våre om torsdagen stort sett er over 20 år har vi auka aldersgrensa til 20 år. Då kan artistane og gjestane få seg ein drink om dei vil. Baren er open til klokka 2 natt til fredag, fortel Curtis.

For etablerte og nye artistar
Jamansvarleg Olav Skorpen seier at det er ei stamme på 30 til 50 musikarar i Os som fast eller med jamne mellomrom stiller på jam.

- Det er alltid nokon som spelar, og nokon som prøver seg på nye instrument.

Vokalist, låtskrivar og gitarist i ORBO & The Longshots, Ole Reinert Berg-Olsen spelte torsdag kveld trommer på Bar2Be.

- Grensa mellom gjest og artist er tynn, og blir av og til vaska heilt ut i løpet av kvelden. Vi har gjerne folk som plutseleg finn ut at dei vil synga ein song, og får band i ryggen medan dei tar ei låt dei kanskje elles berre har sunge i dusjen, fortel Olav.

Ifølgje ORBO, som gjekk frå quiz til jam torsdag kveld, blei det ein folksam og vellukka jam utover kvelden og natta.

Under bilda kan du sjå og høyra Marielle Woll synga Marley-låta No Woman no Cry.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.