Lokal | 19. apr. 2018

– Ein viktig avtale for frontkommunane

Os, Bergen, Askøy, Fjell, Lindås, fylkeskommunen og staten skal forhandla om ei ny byvekstavtale for Bergensområdet.

– Ein viktig avtale for frontkommunane
Ordførar Marie Bruarøy kan førebu seg på tøffe forhandlingar når Os skal forhandla om ei ny byvekstavtale i Bergensregionen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. apr. 2018 07:52

I 2017 inngjekk staten, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune den gjeldande byvekstavtalen, som gjeld for perioden 2017-2023.

Gjennom avtalen arbeider partane for å nå målet om nullvekst i persontransport med bil. Løysningane som blir valde skal bidra til å sikra betre mobilitet totalt sett, spesielt ved å tilrettelegga attraktive alternativ til privatbil og betre framkome for næringstransport.

– Vi fekk tysdag ein invitasjon frå samferdselsdepartementet ved statssekretær Anders Bjørnsen Werp invitasjon til forhandlingar om byvekstavtalen i Bergensområdet, fortel ordførar Marie Bruarøy.

Viktig for heile regionen

Frontkommunane til Bergen, som no blir invitert inn i forhandlingane er Os, Askøy, Fjell og Lindås.

– Det er jo desse kommunane som "produserer" mykje av den pendlartrafikken som er inn til Bergen. Difor er eg glad for at vi no blir invitert inn til forhandlingsbordet.

– Utan at eg skal røpe forhandlingskorta, så er næringsområde eit viktig tema for frontkommunane. Ein må sjå heile Bergensregionen under eitt når ein skal diskutere dette.

– Viktig blir også temaet kring pendling og innfartsparkering. Poenget er jo å nå måla i 0-utslippsavtalen og då må vi finna gode løysingar på dette. Det kan ikkje berre vera sånn at pendlarane berre skal betala dyre bompengar, sjølv om ein også må finna finansieringsløysingar for å rusta opp infrastrukturen.

– Dette er komplekst, men vi må alle freiste å tenke litt stor, ikkje berre sjå på oss sjølv. Det gjeld alle, også Bergen som eg i den gjeldande avtalen har vore litt for opptatt av seg sjølv. Dette er ei viktig avtale for Bergen, men også for frontkommunane, understreker Bruarøy.

Satt av 66,4 milliardar

I ny Nasjonal transportplan er byområda prioritert høgt og det er satt av 66,4 milliarder kroner til byvekstavtaler i dei ni største kommunane. Dette omfattar midler til store fylkeskommunale kollektivprosjekt, som til dømes Bybanen til Fyllingsdalen, riksvegmidler og kollektiv- sykkel- og gangtiltak.

– I forhandlingane skal areal- og transporttiltak i dei regionale vekstsonane prioriterast, skriv Bjørnsen Werp i brevet.

Der kjem det også fram at dei ser for seg ei politisk styringsgruppe og ei administrativ arbeidsgruppe, men at dei ber om innspel på korleis arbeidsgruppa skal vera organisert.

– Dei antydar ei administativ arbeidsgruppe, men vi tykkjer det er litt underleg om ikkje både politisk og administrativt nivå skal vera representert. Det er noko anna å sitta i forhandlingar om ein har med seg begge desse perspektiva.

– Departementet legg opp til eit hektisk løp med mål om å vera i hamn med forhandlingane i løpet av året, helst enno tidlegare, avsluttar ordførar Marie Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.