Lokal | 03. sep. 2020

Einaste bodgjevar på Fjellheim har kjøpt prosjekt i Austevoll

Betalte ein tredel av Fjellheim-bodet.

Einaste bodgjevar på Fjellheim har kjøpt prosjekt i Austevoll
Rolf Lunde seier han er glad han fekk avslag på Fjellheim. I Austevoll fekk han langt meir per krone. (Foto: Glass & Tre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. sep. 2020 07:36

Våren 2019 fekk Os kommune bod på Fjellheim, som låg ute for sal. Først avslo dei eit bod på 5 millionar, så la same interessent 6 millionar kroner på bordet.

Bodgjevar var Glass & Tre AS i Lønningdal.

No er både reduksjon i investeringar og sal av kommunal eigedom igjen på den politiske agendaen. Nye Bjørnafjorden kommune må spara pengar.

Samtidig har Rolf Lunde hos Glass & Tre AS gitt opp Fjellheim for å rusta opp eit grendahus i Austevoll.

Glass & Tre har kjøpt det 600 kvadratmeter store grendahuset på Storebø, og skal nytta eigedomen til eit lågterskel kulturhus.

Betalte 1,2 millionar

Lunde er svært nøgd med prisen etter at han fekk tilslag på 1.240.000 kroner.

– Det er ein tredel av kvadratmeterprisen i forhold til det vi var villige til å betala for Fjellheim, og ein nesten identisk, men litt større eigedom.

– Heldigvis, seier han om avslaget i fjor.

I dag meiner han Fjellheim er verdt tre millionar kroner.

– Grendahuset på Storebø passar perfekt inn i vår strategi om å etablera lågterskel kulturaktivitetar i utrangerte eigedomar. Vi har allereie eit sånt prosjekt i Hagavik i det gamle bedehuset, blant anna med alkoholfritt tilbod om fredagane.

I Austevoll blir det dessuten rikeleg plass for mange slags aktiviteter, inkludert at Glass & Tre skal nytta den 100 kvadratmeter store ‹‹matsalen›› i første etasje som eit serverings- og kjernepunkt for bygget sinebrukarar.

Ein kommune som er på hogget

Dagen etter at han overtok eigedomen i Austevoll har det meldt seg ein større leigetakar - kulturavdelinga i Austevoll kommune.

– Dette er som dag og natt i forhold til Bjørnafjorden, der jeg har kome med forslag om fleire prosjekt utan at ein einaste politikar har brydd seg, anna enn å kritisera for eksempel konseptet eg hadde plan om i Fjellheim.

Rimeleg leige

Kulturmarknaden i Austevoll får no tilbod om rimelege lokale å leiga, med prisar på frå 300 kroner per kvadratmeter per år.

Hovudsalen blir delt opp og får eigen mezzaninetasje.

Her blir det plass til foreiningar og lag, kunstnarar, musikarar og andre som vil vera med i eit miljø rundt Kulturhub Austevoll - som er namnet på nyetableringa.

– Garantert i pluss

Bygget i Austevoll skal no pussast opp innvendig og utvendig. Arbeidet, som inkluderer å tilfredsstilla dagens elektrisitets- og brannkrav, er i gang.

Går alt etter planen reknar Lunde med å kunna tilby ledige lokaler i løpet av kort tid.

– Vårt reknestykke kjem garantert til å gå i pluss. Dermed er grendahuset sikra eit nytt liv, sjølv om store publikumsmengder, som dans og andre større arrangement i storsalen, definitivt no er ein saga blott, avsluttar Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.