Kultur | 22. apr. 2013

– Eirik er soleklar favoritt

I mars tippa dei at han skulle ryka ut først, no er osingen Eirik Søfteland storfavoritt til å vinna Idol 2013.

– Eirik er soleklar favoritt
Eirik imponerte nok ein gong då han fredag song den eigenkomponerte låta "Gonna go my way". (Foto: Thomas Reisæter, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. apr. 2013 13:07

Fredag song Eirik Søfteland seg vidare i Idol med den eigenkomponerte låta "Gonna go my way".

Nok ein gong var Eirik den som hausta mest skryt av dommarane, i tillegg segla han opp til topp på iTunes-lista allereie før programmet var over.

Søfteland var heller ikkje denne gong blant dei to med færrast stemmer, og det kan sjå ut som om det "gonna go his way" heile vegen til superfinalen.

– Ingen er trygg

– Eirik har gjort ei strålande reise i Idol og blir berre betre og betre. Han har ei stor fangruppe og haustar massevis av stemmer heile tida, og det siste er viktig. For gløymer folk å stemma éin gong så er det over.

– Ingen er trygg i Idol, seier oddssetjar Daniel Vassbund frå speleselskapet Betsson.com.

Frå null til gull

I starten av mars tippa han at Eirik kom til å ryka først ut av Idol, og gav 25 i vinnarodds.

No held han osingen som storfavoritt med 1,65 i odds om rockaren Søfteland vinn Idol.

Og det er eit oddshav ned til Siri Vølstad Jensen på 2. plass, med 6,8 i odds.

Astrid Sugaren har klart høgast odds av de fire som er igjen, men tidlegare favoritt Steffen Jakobsen kan fort få seg ei overrasking om han ikkje mobiliserer til fredag.

Vinnarodds på Idol 2013 frå Betsson.com
Eirik Søfteland 1.65
Siri Vølstad Jensen 3.80
Steffen Jakobsen 6.00
Astrid Sugaren 10.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.