Kultur | 11. sep. 2022

Eirik er ute av dansen

– Eg er skuffa, seier Eirik Strønen Søfteland etter exiten.

Eirik er ute av dansen
Eirik spelte slagverk i starten på rocke-rumbaen, men fekk ikkje gode nok karajterar for dansen. (Foto: Thomas Andersen, TV 2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. sep. 2022 07:17

Vinnar av Skal vi danse 2013, Eirik Strønen Søfteland frå Os, har hatt tøff konkurranse frå tidlegare vinnarar og finalistar i allstars-versjonen av Skal vi danse.

I går dansa han tredje runde i årets sesong.

Ewa og Eirik i hardtrening etter helga, inn mot ny dansekveld, med håp om høgare score. (Foto: Privat)
Les ògHamna i duell: – Det var ei ubehageleg oppleving

Eirik starta gårsdagens dans med å spela slagverk på «Here I go again» av Whitesnake før han entra dansegolvet og tok ein rocke-rumba med Ewa.

Dommarane påpeikte at det å dansa rolege dansar kan vera meir vanskeleg enn høgt tempo, og meinte Eirik kunne hatt meir markerte rørsler og noko meir trøkk i trinna.

Det blei karakter 5 frå alle tre.

I duell mot Iselin

Førre helg klarte Eirik og dansepartnar Ewa Trela å vinna duell, i går hamna dei også blant dei nedste på lista, og Eirik måtte denne gong kjempa mot influensar Iselin Guttormsen om å gå vidare.

Guttormsen vann duellen.

– Eg er skuffa, men vi får ikkje gjort noko med det no. Det hadde vore fint å få gjennomføra alle dansane vi hadde planlagt å ta framover, som vi hadde gledd oss til, men no rauk den sjansen, sa Eirik til TV 2 etter exiten.

Les meir og sjå dansen på TV2.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.