Kultur | 29. juni 2014

Eirik opnar allsangen

Torsdag er Eirik Søfteland tilbake i TV-ruta. Denne gong som gjesteprogramleiar i sesongens første «Allsang på Grensen».

Eirik opnar allsangen
Katrine Moholt og Eirik Søfteland er programleiarar i sesongens første «Allsang på Grensen» (foto: Espen Solli, TV2)
Andris Hamresøndag 29. juni 2014 09:22

– Dei hadde vel lyst å ha ein programleiar som lagar litt abligøyer, ler Eirik Søfteland når Midtsiden møter han på Lokale Heltar, kor han mellomanna spelte med far Tord og bror Lars laurdag.

Hovudprogramleiar Katrine Moholt skal også i år leie «Allsang på Grensen» saman med ein mannleg gjesteprogramleiar.

– Det er ganske kult å få litt programleiererfaring framfor 8500 publikummarar i Halden.

– Sjølve programmet blir spelt inn onsdag, tysdag har vi ei gjennomkøyring, så går det på lufta torsdagen.

– Det er eit ganske tidseffektivt opplegg. Eg har fått tilsendt manus og vore på eit par møter, men noko meir førebuingar enn det har det ikkje vore, forklarar Eirik.

Skal synga norsk rock

Sjølv om det er gjestane som skal vera i fokus, skal også gjesteprogramleiaren få nytta sangstemma.

– Det er jo allsang dette, så det blir ikkje ei av mine eigne låter eg skal gjera.

– Det blir norsk rock, som folk kan synge med på. I tillegg skal eg vera med på ein medley.

Norske talenter og VM

Det er eit variert artistgalleri som står på scena i Eirik sin programleiardebut.

– Adelén, med VM-låta og Angelina som vann Norske Talenter er to av dei.

– I tillegg kjem Sveriges mest kjende danseband Lasse Stefanz og 90-talsheltane East 17 og Johnny Logan, avsluttar Eirik Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.