Lokal | 05. feb. 2017

Eirik sine bilde blir frimerke på Færøyene

I haust blei lysefjordingen kontakta av postverket, 27. februar blir to frimerke med Eirik Sørstrømmen sine fotografi lansert på Færøyene.

Eirik sine bilde blir frimerke på Færøyene
Osingen Eirik Sørstrømmen sine bilde blir lagt merke til. To av dei blir i år lansert som frimerke på Færøyane. (Foto: Eirik Sørstrømmen, dslr.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. feb. 2017 21:18

Bildeserie:

Válar ligg vest i øyriket. (Google Maps)
Válar ligg vest i øyriket. (Google Maps)
Leitisvatn, den største innsjøen på Færøyane, ligg rett ved flyplassen. (Google Maps)
Leitisvatn, den største innsjøen på Færøyane, ligg rett ved flyplassen. (Google Maps)
Gåsadalur. Eirik har vore på Førøyene fleire gongar og skal tilbake i mai-juni. (Foto: Eirik Sørstrømmen, DSLR.no)
Gåsadalur. Eirik har vore på Førøyene fleire gongar og skal tilbake i mai-juni. (Foto: Eirik Sørstrømmen, DSLR.no)
Leitisvatn. (Foto: Eirik Sørstrømmen, DSLR.no)
Leitisvatn. (Foto: Eirik Sørstrømmen, DSLR.no)
– Eg liker best å ta bilde av natur og landskap, seier Eirik. (Foto: Eirik Sørstrømmen, DSLR.no)
– Eg liker best å ta bilde av natur og landskap, seier Eirik. (Foto: Eirik Sørstrømmen, DSLR.no)
1 av 5

Ein tur til Færøyane i september 2015 førte til at Eirik Sørstrømmen i oktober året etter blei kontakta av postverket på Færøyane.

– Eg har selt ein del naturbilde, men aldri til denne typen bruk. Eg synest det er veldig kjekt, og spennande at bilda mine vil bli sett av så mange, seier Eirik til Midtsiden.

Eirik Sørstrømmen har vakse opp i Lysefjorden og bur no i Bergen. Han har selt bilde sidan 2010 og starta i 2015 sitt eige firma, som han driv ved sidan av jobb innan IT.

– Med firmaet mitt, DSLR.no, har eg inngått avtale med eit interiørfirma på Austlandet, som blant anna leverer storformattrykk og rammer til innreiing og dekorering både hos privatpersonar og bedrifter.

– Bilda frå Færøyane hadde eg lasta opp på ei internasjonal side for sal av foto, 500px.com, og etter at postverket fann bilda tok dei kontakt med meg direkte.

Spesiell innsjø skaper optisk illusjon

– Vi såg etter foto frå innsjøane på Færøyene då vi kom over bilda, fortel Svanbjørg Manai frå det færøyske postverket til BT.no, som omtalte saka førre helg.

Ho seier dei lager 12-14 nye frimerke i året, og at dei stort sett bruker fotografar frå Færøyene.

Motiva på eit av bilda er den største innsjøen på Færøyene. Innsjøen har to namn, Leitisvatn og Sørvágsvatn, er 6 km lang, 800 meter brei og 59 meter på det djupaste.

Den ligg på øya Vágar, nær Vágar Lufthavn, 32 meter over havskorpa. Sett frå sør er den spektakulær, som ein optisk illusjon.

– Eit paradis for fotografar

Eirik seier han tar mest bilde av landskap og natur, men også er interessert i andre typar fotografering.

– Ligg du i telt og tar bilde av dyr òg?

– Det har vore lite dyreliv til no, men mange netter i telt. Det hjelper å vera på location om du ventar på eit bestemt lys eller vêrfenomen.

– Både Island og Færøyene er som paradis for naturfotografar. Det er av ein eller annan merkeleg grunn ikkje like mange som reiser til Færøyene som Island. Sjølv skal eg tilbake til Færøyene i mai eller juni for å sjå andre delar av øyriket.

Færøyene har 50.000 innbyggarar, ligg 600 km vest for Bergen, var del av Norgesveldet fram til 1814, og er no del av kongeriket Danmark, men er ikkje medlem av EU.

Les meir om Færøyene på Wikipedia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.