Sport | 22. sep. 2020

– Eit av dei beste NM-løpa av Os-roarar gjennom tidene!

Erling Øyasæter, Arne Hadler-Olsen, Erik Vaktskjold og Lars Eirik Vevatne toppa ei god ro-helg på Årungen.

– Eit av dei beste NM-løpa av Os-roarar gjennom tidene!
Desse fire rodde heim eit historisk NM-sølv til Os Roklubb. F.v. Lars Eirik Vevatne, Arne Hadler-Olsen, Erik Vaktskjold og Erling Holst Øyasæter. (Foto: Estela Reinoso)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 22. sep. 2020 11:56

I helga vart NM i roing arrangert på Årungen med Horten Roklubb som arrangør.

Som med ungdomsmeisterskapen på Ulvenvatnet nyleg, vart det ein spesiell mesiterskap grunna korona-situasjonen.

Dette fortel Sissel Lothe Høvik frå Os Roklubb.

– Årets NM blei fordelt over tre dagar for å halda deltakartalet under 200 kvar dag. Publikum hadde ikkje tilgang til ro-stadion, og kun eit begrensa antal trenarar og leiarar kunne vera tilstades.

• Les òg: Linea og Andrea forsvarte tittelen på heimebane

Sterke prestasjonar - men utanfor pallen

Os Roklubb stilte med totalt seks roarar under meisterskapen.

Erling Holst Øyasæter (26) og Erik Vaktskjold (19) rodde begge 1x (singelsculler) i Herrer senior. Her stilte 19 lag til start, med sterke namn som Olaf Tufte og Kjetil Borch fra arrangørklubben på startstreken.

– Erling har tatt bronse to år på rad i klassen, mens det er Erik sitt første NM-løp singelsculler for seniorarar, fortel Lothe Høvik. Det var spanande å sjå om Erling ville klara medalje for tredje år på rad.

Og det vart nesten for Erling, som kom seg til finalen. Mot dei beste i landet rodde han inn til ein fjerdeplass, like bak bronsevinnaren.

Erling Holst Øyasæter (26) i finalen i singelsculler. (Foto: Estela Reinoso)
Erling Holst Øyasæter (26) i finalen i singelsculler. (Foto: Estela Reinoso)



Erling og Erik stilte også i 2x (dobbeltsculler).

– Dei rodde saman under NM i fjor, då Erik framleis var junior, og tok då ein meget imponarende fjerdeplass i klassen. Erik har trent særs godt gjennom heile koronaperioden, og har løfta nivået sitt betrakteleg sidan i fjor.

I følgje Lothe Høvik rodde dei eit bra løp, og kom seg til finalen kor dei til slutt hamna på femteplass.

Historiske jenter imponerte

Ekstra kjekt synest Lothe Høvik det var at Os Roklubb stilte med jenter i NM;

– For første gong på svært mange år stilte Os Roklubb med jentelag under NM, og då med våre ferske UM vinnarar i 2 - toer utan styrmann. Eg trur faktisk det er meir enn 20 år sidan sist, kanskje så mykje som 30 år. Det er så utruleg kjekt å sjå at Os Roklubb no har fått jenter opp på eit høgt nivå.

Andrea Bastiansen Kvitingen (15), og Linea Rådmannsøy Lunde (16) stilte til start i DJA 2- i klassen 17-18 år.

– Det starta totalt sju lag, så Andrea og Linea måtte ro forsøks-heat. Dei blei nummer fire i sitt forsøk, men på ei meget sterk tid - dei ville faktisk ha vunne det andre forsøksheatet.

Med dette var finaleplassen sikra.

Jentene heldt fram med den gode roinga i finalen, og rodde til slutt i land ein sterk fjerdeplass.

– Eg må seia at dette er imponerende, og med tanke på at dei framleis høyrer til i 15-16-års klassen, blir det spanande å sjå kva desse to kan prestera i åra som kjem, seier ein nøgd Lothe Høvik.

Andrea Bastiansen Kvittingen (15) og Linea Rådmannsøy Lunde (16) sikra seg ein imponerande fjerdeplass i NM. (Foto: Estela Reinoso)
Andrea Bastiansen Kvittingen (15) og Linea Rådmannsøy Lunde (16) sikra seg ein imponerande fjerdeplass i NM. (Foto: Estela Reinoso)

Og så kom eit historisk sølv

Lars Eirik Vevatne (17) stilte til start i HJA 1x.

Lothe Høvik fortel at han kom seg til semifinale, altså blant dei 12 beste. Her rodde han inn tiande beste tid.

Berre dei seks beste gjekk vidare til finale.

– Lars Eirik har sitt første år i junior A-klassen, så dette er verkeleg ein prestasjon han kan vera nøgd med.

Lars Eirik Vevatne (17) i semifinalen. (Foto: Estela Reinoso)
Lars Eirik Vevatne (17) i semifinalen. (Foto: Estela Reinoso)

Siste klassen Os Roklubb skulle delta i var HS 4-, altså firer uten styrmann for herrer senior.

Her stilte junioren Lars Eirik saman med Erik, Erling og Arne Hadler-Olsen (24).

– I denne båttypen blir det rodd med berre ei åre, og det er ein vanskeleg båttype, fortel Lothe Høvik.

I finale-heatet, og med lånt båt frå Bergens Roklubb, rodde Os-kvartetten inn ein historisk sølvmedalje, kun slått av Ormsund Roklubb.

– Det seier noko om det tekniske nivået til gutane når dei tek sølv etter bare ein tur saman på førehand. Dette er seniorklassen, og Lars Eirik er framleis berre junior A.

– Gutane frå Os Roklubb rodde eit særs sterkt løp, og med ein knallspurt sikra dei sølvet. Dette må vera eit av dei beste NM-løpa av Os-roararer gjennom tidene!

Jentene imponerte.

7 lag til start, så de måtte ro forsøk.

De ble nr 4 i sitt forsøk, men på en meget sterk tid - de ville ha vunnet det andre forsøksheatet, og dermed var finaleplassen sikret. Meget bra roing i finalen, og en sterk 4. plass som resultat. Imponerende, og med tanke på at de enda hører til i 15 – 16-års klassen, så blir det spennende å se hva disse to kan prestere i årene som kommer.

Ellers er det historisk med jenter fra Os roklubb til start i et NM – tror faktisk det er mer enn 20 år siden sist, kanskje så mye som 30 år. SÅ utrolig gledelig å se at Os nå har fått jenter opp på et høyt nivå.

Andrea Bastiansen Kvitingen (15), og Linea Rådmannsøy Lunde (16) stilte til start i DJA 2- toer uten styrmann i klassen 17-18 år. Denne klassen var ny i NM for få år sidan, men i år vart det rekordstor deltaking med heile sju lag til start. Jentene måtte difor ro forsøksløp for å kvalifisera seg til finalen– Linea og Andrea ror meget bra, men mykje skal klaffa for å hevda seg under NM. Ein ting er at konkurrentane er fleire år eldre, ein annan ting er distansen - i NM er den 2000 meter, altså fire gonger så langt som då dei vann UM. Men jentene er godt trente, dei har solid kondisjon, og uansett er det lærerikt å få prøva seg mot dei eldre jentene.

Lars Eirik Vevatne (17) stilte til start i HJA 1x.– 16 lag stilte til start i klassen, så her vart det både forsøksløp og semifinalar. Lars Eirik har hatt stor utvikling sidan han rodde singelsculler under fjorårets NM, og på ein god dag var finaleplass absolutt innen rekkevidde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.