Lokal | 22. nov. 2016

– Eit bilde på kor utrygg vegen er

Denne vegen er utan gatelys, men også på dagtid føler dei mjuke trafikantane seg utrygge.

– Eit bilde på kor utrygg vegen er
Yrkessjåføren, som sjølv bur langs denne delen av Hegglandsdalsvegen, reagerte då han såg denne jenta gåande i grøfta heile vegen inn. (Foto: Lesarbilde, Erik Ask)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. nov. 2016 07:49

Bildeserie:

Panorama av to busstopp - men ingen gatelys. (Foto: Lesarbilde, Erik Ask)
Panorama av to busstopp - men ingen gatelys. (Foto: Lesarbilde, Erik Ask)
Det har lenge vore snakk om ny gang- og sykkelveg mellom Hauge og Vallabrua. (Kart: Os kommune)
Det har lenge vore snakk om ny gang- og sykkelveg mellom Hauge og Vallabrua. (Kart: Os kommune)
1 av 2
Panorama av to busstopp - men ingen gatelys. (Foto: Lesarbilde, Erik Ask)
Det har lenge vore snakk om ny gang- og sykkelveg mellom Hauge og Vallabrua. (Kart: Os kommune)

Mens gang- og sykkelveg frå Hauge til Vallabrua, langs fv 137 Hegglandsdalsvegen, let venta på seg, har trafikken auka kraftig. I tillegg til bustadar på Hjelle har det kome både ny barnehage og eit industriområde med stadig fleire firma og tilhøyrande høgare aktivitet.

Rundt 300 meter av vegen har heller ikkje gatelys, noko vi omtalte i november 2015.

• Les òg: Den mørkaste skulevegen i Os?

Men også i dagslys blir vegen opplevd som utrygg. Eit bilde som yrkessjåfør Erik Ask publiserte på Facebook torsdag, viser ei ung jente som går i grøfta langs vegen.

Midtsiden ønskje å koma i kontakt med foreldra til jenta på bildet. Send oss ei melding på tips@midtsiden.no eller ring oss på vakttelefon 97975200.

– Dette viser at det ikkje berre er kveld og morgon vegen er utrygg. Kva skal denne jenta gjera når det kjem snø og brøytekantar? spør Ask, som òg var den som påpeikte manglande gatelys i fjor på denne tida.

2. prioritet

I omtalen av manglande gatelys i 2015 fortalte vi at gang- og sykkelvegen langs dette stykket av Hegglandsdalsvegen berre så vidt er omtalt i kommunedelplanen for trafikksikring, som sist blei rullert og godkjent i april 2014.

I planen er det rundt 70 punkt. Cirka ein tredel av desse er rangert som førsteprioritet, den neste tredelen som andreprioritet og dei nedste som tredje pri.

Hegglandsdalsvegen er så vidt nemnt i planen. Som ein av fleire på andreprioritet står det:

«Hegglandsdalsvegen (Hauge-Borgavegen). Smal veg, mykje trafikk.»

• Les òg: Ny fartsgrense forbi Lyssand

– Vil bygga i 2017

Både Midtsiden og ordførar Terje Søviknes var tagga i innlegget frå Ask før helga.

Søviknes svarte etter at MDG-representant Nils-Anders Nøttseter skreiv dette:

«Sorry, men å fremdeles håpe på at den politiske posisjonen i Os skal klare å prioritere rekkefølgekrav og myke trafikanter på bekostning av utbygging og maksimal vekst, det er nok håpløst. Så lenge FrP+H har flertall vil Ja-holdning uten rammer fortsette, det må vi kunne konkludere etter så mange år. (og ja, saken er komplisert fordi det er en fylkesvei)».

Ordføraren parerer og skriv i tillegg at det snart kjem gang- og sykkelveg:

«Her tar du feil Nils-Anders - FrP/H stilte rekkefølgekrav om denne gang-/sykkelveien da Borgafjellet barnehage skulle bygges. Fylkesmannen overprøvde oss og sa ja til barnehagen uten gang-/sykkelvei... Det gode er at Os kommune anlegger ny gang-/sykkelvei i 2017 selv om det egentlig er fylkeskommunens ansvar (fylkesvei).»

Søviknes skulle i utgangspunktet møta lokalpressen ved Lyssandfabrikken klokka 12 i dag, men dette er utsett. Vi kjem tilbake med meir om planen og finansieringa av gangveg i 2017.

– Sa det same for ti år sidan

Ask seier han fekk høyra omtrent det same då han flytta til området for ti år sidan.

– Arbeidet med gang- og sykkelveg skal starta om to år, altså for åtte år sidan, sa dei den gong.

– Det burde vore ein smal sak. Det er eit kort stykke veg, det er fleire entreprenørselskap som slit med å få oppdrag, det er få private bygg langs vegen og det bør vera rikeleg med tilgang til stein i Os for tida.

– Eg har høyrd at det skal koma nytt vatn- og avlaupsnett til Hjelle, om legging av dette skal takast samtidig så auka nok prisen ein del, og vera med p å skapa utsetjing.

– I mellomtida bør dei ta seg råd til å få opp nokre lyktestolpar og nokre fartsdumpar, gjerne tilsvarande dei som er på Hamrevegen, som du fint kan køyra over i 50 km/t, men som hindrar råkøyringa vi dessverre ofte ser på Hegglandsdalsvegen i dag, meiner Erik Ask.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.