Lokal | 01. feb. 2012

– Eit ekkelt syn

Kvinne fann brukte sprøyter, brekkjern og trillebår på snarvegen barnebarna bruker til butikken.

– Eit ekkelt syn
To sprøyter, eit brekkjern og ei trillebår ligg på stien bak Meny. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. feb. 2012 21:38

På ein sti mellom Varåsen og Byvegen, bak Meny i Industrivegen, fann ei kvinne noko som ser ut som restar etter eit bedøvd tjuveriraid.

– Trillebåra har vore her ei stund, men no ligg det eit brekkjern på stien og ein meter ved sidan av ligg to brukte sprøyter, fortel ho.

Stien er mykje brukt, blant anna av skuleungdom på veg til butikken eller busshaldeplassen ved rundkjøringa nedanfor.

– Dette er ekkelt å finna, dei narkomane bør finna andre plassar å rusa og ikkje slenga sprøytene frå seg på denne måten, meiner ho.

Midtsiden lykkast ikkje å nå politiet for kommentar onsdag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.