Næringsliv | 24. mars 2019

Eit eventyr på Moberg

Har du òg lurt på kva som er bak dørene til Prinssess VIP Beauty på Moberg? Vi har vore på besøk.

Eit eventyr på Moberg
Gabriela Bruzaite står bak den nystarta velvære-salongen på Moberg. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 24. mars 2019 19:20

Bildeserie:

Salongen har blitt eit blikkfang på Moberg. Vi gjekk på besøk. (Foto: KOG)
Salongen har blitt eit blikkfang på Moberg. Vi gjekk på besøk. (Foto: KOG)
Det same kan seiast om bilen til Gabriela. (Foto: KOG)
Det same kan seiast om bilen til Gabriela. (Foto: KOG)
Dette rommet er klart for negledesign. (Foto: KOG)
Dette rommet er klart for negledesign. (Foto: KOG)
Tapet med motiv frå varmare strøk pregar salongen. (Foto: KOG)
Tapet med motiv frå varmare strøk pregar salongen. (Foto: KOG)
Gabriela tilbyr vippe-behandling, hår-extensions og neglebehandling. (Foto: KOG)
Gabriela tilbyr vippe-behandling, hår-extensions og neglebehandling. (Foto: KOG)
– Her skal det alltid vera «women's day», fortel Gabriela. (Foto: KOG)
– Her skal det alltid vera «women's day», fortel Gabriela. (Foto: KOG)
1 av 6

Bygget har tidligare husa både røyrleggar og butikk for hytteutstyr, men no er det noko heilt anna som møter deg både før og etter du går inn døra.

Sterke fargar og landskaps-tapet med bilde frå varmara støk pregar lokalet. Visdomsord heng overalt i lokalet, og ein tv syt for avslappande musikk.

Og personen bak det heile? Det er Gabriela Bruzaite.

Gabriela er frå første ord eit fyrverkeri av ein person. Med prinsessekrone på hovudet fortel ho engasjert om seg sjølv, og hennar nystarta Prinssess Vip Beauty salong.

– Saman med vener og familie bygde vi om og innreia heile lokalet på 26 dagar, fortel Gabriela. Opningsfesten var 26. oktober i fjor - faktisk på 25-årsdagen min.

Planlagd i fem år

Ho kjem frå Litauen, men har budd i Noreg dei siste sju åra. Ho fortel at det i byrjinga var vanskeleg å finna arbeid i Noreg.

– Det var ikkje lett å kommunisera på engelsk, så etterkvart tok eg norsk-kurs. Eg prøvde meg i fleire ulike yrke og bransjar, men heile tida visste eg at eg ville skapa noko sjølv.

Som lokalet er Gabriela full i visdomsorsord om skjønnheit og draumar.

– Eg lever etter mottoet «dream until your dreams come true», og no sit eg her i min eigen draum.

Plass til fleire

Gabriela er for augneblinken åleine i lokalet, men ho fortel at ho har tre ledige behandlingsrom til leige for andre som driv i same bransje.

– Eitt av romma er tilrettelagd for profesjonell negledesign, og etterkvart vil det bli eit rom ledig for frisørar.

Av tenester som salongen kan tilby no, nemner Gabriela hårextension, vippe-extension, vippe-løft, vippe- og brynfarging, pedikyr, massaje, parafin-bad og diverse voks-behandlingar.

– Draumen er uansett å få samla eit team som kan gje skjønnheit til kvinner. Her kan du slappa av, få behandling, og gå ut att som ei prinsesse.

Women's day - every day

Gabriela er genuint oppteken av skjønnheit og velvære, og ho har teke fleire kurs innan hår og negledesign.

I tillegg er ho fotograf, og kan ta på seg oppdrag som bryllaups-koordinator.

– Det viktigaste for meg er at kundene er nøgd. Då vert eg glad. Samstundes gjer det meg glad hjarta å få jobba med noko som er eg er så glad i.

– Her hos meg skal det vera «Women's day - every day“.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.