Lokal | 13. mars 2012

Eit forrykande show!

Breakarane i Absence imponerte osingane stort med showet "Askeladden på nye eventyr".

Eit forrykande show!
Askeladden på nye eventyr. (Foto: Mariel Lodum)
Kari M. Lyssandtirsdag 13. mars 2012 13:02

Lørdag 10. mars var det Askeladden sin tur til å innta Oseana. Dette gjennom Absence si framsyning "Askeladden på nye eventyr".

Absence er ei gruppe med fem av norges beste breakara. Dei starta opp i 1999 og har blant anna gjort seg bemerka gjennom finaleplass i "Norske Talenter", "Dansefeber" og "Jungelboken" på DNS. Gutane er kjende for å blanda musikk, skodespel, humor, halsbrekkande akrobatikk og sjølvsagt mykje dans i framsyningane sine. Også i Askeladden på nye eventyr har dei gjort akkurat det.

Vestlandets Operahus

-Dette er noko av det kjekkaste vi har hatt i Oseana. Framsyninga traff alle aldrar. Både publikum, arrangør og artistane var veldig nøgd, smilar Berit Steen, arrangementssjef i Oseana om framsyninga som trakk nær 500 tilskodarar.

Då Absence kom til Oseana blei dei veldig imponert over Os nye kulturstove.

-Hadde dei visst at Os kunne by på vestlandets operahus så hadde dei kome før, kan Steen fortelja.

For store og små

Askeladden på nye eventyr hadde premiere på Den Nasjonale Scene i oktober 2011. Laurdag var det Os som stod for tur. Og for eit show! Fengjande musikk, imponerande dans og akrobatikk, og mykje humor gjorde dette til ei flott framsyning for både store og små. Publikum var med frå første stund, med hoiing og latter.

-Tilbakemeldingane har vore udelt positive, seier Steen.

Askeladden med headspins

I framsyninga var det blanda saman fleire eventyr. Her fekk vi blant anna møta Per, Pål og Espen Askeladd, skumle troll, dei tre bukkene Bruse som skulle på discotek, og ei prinsesse som ikkje var lett å imponera.

Gjennom framsyninga fulgte vi Askeladden på ei rundreise rundt i verda, der han møtte forskjellige skikkelsar og kulturar. Dansenummerene var godt representert, og ikkje var det behov for særleg med rekvisittar då Absence kunne gjera seg om til det som trongst. Enten det var stol og bord eller eit bølgande hav, så blei dei til det.

Skills

Publikum var tydelig imponerte over kva dei fekk servert.

-Det der var skikkelig skills, kom det spontant frå ein ung gut i salen.

Absence hadde osingane med seg frå start til slutt, og publikum gav dei velfortent ståande applaus då showet var over.

-Vi skal holde kontakten med Absence, for desse gutane vil vi ha tilbake til Oseana, seier Berit Steen

-Absence var like fornøyd med publikum som publikum var med Absence, så det er nok store sjansar for at dei kjem tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.