Eit heilt klassetrinn i karantene

Rektor varsla per tekstmelding måndag kveld.

Rundt ein tredel av elevane ved Os ungdomsskule er i karantene frå i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. nov. 2020 19:09

Alle elevane på 8. trinn ved Os ungdomsskule er i karantene frå i morgon, tysdag.

– Ein elev på trinnet har testa positivt for covid-19, fortel rektor Kjersti Wolden i ei tekstmelding måndag kveld.

Det er ikkje sikkert at alle elevane på trinnet har hatt nærkontakt med den smitta, men alle må halda seg i karantene til situasjonen er avklart.

OPPDATERT: Eleven deltok òg på eit arrangement på Ung Arena onsdag i førre veke. Her var det 48 deltakarar og 9 vaksne frivillige arbeidarar. Alle desse må òg i karantene, opplyser kommunen. Namneliste blei notert og alle blir varsla. Fleire av dei 48 ungdomane er blant elevane i 8. trinn.

Ber om stadfesting

Karantena gjeld berre elevane, ikkje dei andre i husstanden.

Helsepersonell vil ta kontakt for meir rettleiing i kveld eller i morgon, skriv skulen, og ber foreldre svara «ok» på at meldinga er mottatt og forstått.

Dei eldste skal møta som vanleg

Os ungdomsskule har i alt rundt 420 elevar.

Foreldre med elevar på 9. og 10. trinn er òg varsla. Dei to eldste trinna skal møta på skulen som vanleg.

I september var eit klassetrinn ved Os barneskule i karantene grunna ein smitta elev, i slutten av oktober blei 30 elevar ved Søfteland barneskule plassert i karantene då ein lærar var smitta.

5 smittetilfelle på 4 dagar

Det er tidlegare i dag varsla om ein smitta tilsett ved Luranetunet og fire smitta i helga som var.

Blant desse ei jente i starten på tenåra.

Det er ikkje presisert om smittetilfellet på ungdomsskulen er den same jenta, eller om dette er eit nytt smittetilfelle.

OPPDATERT: Den smitta ved Os ungdomsskule er eit nytt smittetilfelle. Jenta som fekk påvist covid-19 i helga var frå før i karantene, og førte ikkje til smittefare for andre elevar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.