Kultur | 19. okt. 2018

Eit kull på 9 i Noreg tok denne utdanninga

Olav Sandven fekk fagbrev av litt sjeldan sort.

Eit kull på 9 i Noreg tok denne utdanninga
– Vi er gjerne innom sju ulike stadar på éin arbeidsdag. Variasjon er noko av det eg liker best med jobben, seier Olav. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. okt. 2018 13:04

I førre veke fekk Olav Sandven (24) fagbrev i glas- og fasadearbeid. Då han tok den teoretiske delen av fagutdanninga, som besto av 4 x 6 veker i Kongsberg, var det saman med åtte andre frå heile landet.

– Eg synest det er eit interessant yrke med varierte arbeidsdagar. Når vi ser kor mykje glas blir brukt i bustadar og kontorbygg, synest eg det er rart at ikkje rekrutteringa er endå betre til dette faget, seier Olav.

Sjølv snubla han nærmast borti jobben. Etter to år på elektro blei det påbygg og førstegangsteneste. Han var ikkje interessert i å gå tilbake til elektro for å bli lærling, men ville ta eit eller anna fagbrev. Via familie og kjente kom han i kontakt med Glassmester Helge Austevoll AS.

Gav grunnlag for ny storkunde

Glasmeisteren, som sidan 2012 har hatt base i Finnebrekka i Os, var ikkje framand for tanken på å ta inn ein lærling.

– Vi fekk etablert oss som lærebedrift, noko som i seinare tid har lønt seg, seier medeigar Frank Hjelle.

I to rundar har selskapet vunne anbodskonkurranse om rammeavtale med Bergen kommune, og fått 2 av 4 sonar som kommunen er delt inn i. At verksemda er opplæringsbedrift er blant vilkåra.

– Vi er ikkje så opptatt av å veksa oss så store, førsteprioritet er å ha kontroll på det vi held på med. Men rammeavtalen med Bergen kommune har vore god å ha i botnen, og har tilsvart om lag halve omsetnaden vår.

Omsetnaden vaks frå 9,5 til 13,5 millionar kroner frå 2015 til 2017. I haust er aktiviteten rekordhøg.

Dei har i tillegg vunne ein avtale med Universitetet i Bergen, ein annan institusjon som set pris på at verksemda har lærling.

Vil læra opp fleire

Sandven ligg an til å få jobb som faglærd hos selskapet, som har nok ein lærling i sving. Då tel verksemda éin glasmeister, to faglærde, to tømrarar og éin lærling.

– Vi har stått på stand på utdanningsmessa på Nore Neset, men eg synest det er rart at ikkje det blir gjort meir for å fortelja om denne utdanningsvegen, seier Olav.

Raskaste veg er tømrar-teori og ut i lære. Sidan Olav hadde VG1 og VG2 i «feil» fag, blei det 3,5 år som lærling, inkludert teori og praksis førsteåret. I Kongsberg budde han i internat med dei andre åtte elevane i kullet, så fekk alle innføring i dei ulike retningane, bilglas, aluminium, rammearbeid og retninga Olav valte, før dei spissa det vidare.

– Kva er det du liker best med jobben?

– At arbeidsdagane er så varierte. Nett no held eg på med ein større jobb, å levera 900 meter med glasrekkverk til tre bustadkompleks på Austevoll, men ofte er vi ute på småjobbar, gjerne innom 6-7 stadar på ein dag. Det kan vera alt frå å skifta ei rute etter innbrot, til oppdrag i ein barnehage eller hos ei bedrift.

– Eg ser at praktiske fag generelt har god rekruttering, men det kan nok gjerast meir for å gjera akkurat dette faget kjent, trur Olav Sandven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.