Lokal | 12. juli 2018

– Eit problem i heile kommunen

Båten som gjekk ned i Skeisstøa i juni ligg der framleis. Den er ikkje den einaste båten som skaper frustrasjon i kommunen.

– Eit problem i heile kommunen
Denne båten har lagt ved friluftsområdet i Skeisstøa siden slutten av juni (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. juli 2018 09:30

Bildeserie:

På Askvikneset ligg det fleire båtar som kommunen, som grunneigar, jobbar med å få fjerna (foto: AH)
På Askvikneset ligg det fleire båtar som kommunen, som grunneigar, jobbar med å få fjerna (foto: AH)
Blant anna ein som står på land (foto: AH)
Blant anna ein som står på land (foto: AH)
Og ein som har sekke (foto: AH)
Og ein som har sekke (foto: AH)
Også flytebrygga på Askvikneset er så sliten at den blir vurdert fjerna (foto: AH)
Også flytebrygga på Askvikneset er så sliten at den blir vurdert fjerna (foto: AH)
Denne båten i Os hamn har kommunen avtalt med eigar at skal fjernast, men førebels har det ikkje skjedd (foto: AH)
Denne båten i Os hamn har kommunen avtalt med eigar at skal fjernast, men førebels har det ikkje skjedd (foto: AH)
1 av 5

I slutten av juni måtte Os brannvesen berga ein båt som var på veg til å gå ned rett ved friluftsområdet i Skeisstøa.

– Den ligg der framleis. Det er fortvilande for oss som bur i området og som bruker badevika. Vi har fleire gongar måtta rydda plast og søppel som driv ut av båten, fortel ein av naboane til Midtsiden.

Brannsjef Stein Gjøsund forstår frustrasjonen til naboane.

– Det er ikkje like enkelt med båtar som det er med bilvrak. Med bilar kan politiet slå fast at det er eit vrak, finna eiga og få det fjerna. Med båtar er det eit anna lovverk som gjer at det ikkje berre er å hiva den på land eller flytta den.

– Eg har vore fleire gongar i Skeisstøa for å sjå at den ikkje lek olje eller diesel. Hadde den gjort det, så kunne vi fatta vedtak etter forureininglova. Men så lenge den er tett, så kan vi diverre ikkje gjera noko. Eg forstår godt den fortvilte situasjonen for dei som bur og bruker badevika der ute, forklarer brannsjefen.

Ryddar på eigen grunn

Gjøsund fortel at det er grunneigar som sit med problemet når uvedkomande legg att båtvraka sine ved ein kai.

– Då MS Seibuen blei fjerna frå Halhjem, så var det Statens vegvesen, som grunneigar, som tok den jobben og kostnaden.

– Det same var det med dei båtane som vi heiste på land ved Os gjestehamn. Der måtte kommunen som grunneigar ta ansvar.

– Nett no driv vi å legg ein plan for fleire båtvrak ute på Askvikneset. Eg var der ute saman med teknisk eining i førre veke for å sjå korleis vi skal gripe det ann. Der er det ein båt som står på land, ein som har sekke og ei flytebrygge som vi nok må ta hand om, fortel Gjøsund.

Stort problem

Brannsjefen har relativt god oversikt over kor det ligg båtvrak og nemner endå ein båt som ligg på 12 meters djupne i Moldafjero.

– Der var vi i kontakt med eigar i mars/april og han lovte dyrt og hellig at han skulle få fjerna vraket, men framleis har det ikkje skjedd noko.

– Det same gjeld den båten som har lagt ved industrikaien i lengre tid. Der har vi også vore i kontakt med eigaren og gitt han eit midlertidig løyve til å flytta båten til ei kommunal kai i Askvik, noko han sa han skulle gjera i førre veke, men framleis har det ikkje skjedd noko der heller.

– Det som gjerne er problemet med desse båtane er at brorparten av eigarane ikkje har midlar til å ta hand om dei. Når motoren så sluttar å virke eller det er andre ting som gjer at båten ikkje kan nyttast, så har dei ikkje pengar til å få fjerna den på ein skikkeleg måte.

– Ei oppmoding må vera til dei som har gamle båtar er bevisste på kven dei sel eller gir båten til. Vi ser diverre at alt for ofte så endar dei opp som eit problem for grunneigarar rundt i kommunen, avsluttar Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.