Lokal | 10. apr. 2017

– Eit sentrum til å eta opp

Os Bondelag feirar 150 år med å dyrka poteter og kål på Osøyro. – Planen er å servera særs kortreist fårikål-middag på Bondens dag 30. september.

– Eit sentrum til å eta opp
Os sentrumsforening og Os bondelag skal saman dyrka poteter og kål på Osøyro for å feira bondelaget sitt 150 års jubileum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 10. apr. 2017 13:47

Os bondelag fyller i år 150 år og vil markera det gjennom heile året.

– Vi ønskjer å gje osingane landbruk, mat og oppleving. Dette mellom anna ved å gjera Osøyro til eit sentrum til "å eta opp".

– I samband med vårsleppet 29. april vil vi setta ut dyrkingskasser ulike plasser i sentrum og setta poteter. Like over 17. mai vil vi i tillegg planta ut kål, fortel Olav Botnevik, Hans Magnar Eide og Eivind Moberg i jubileumskomiteen til Os Bondelag.

Skal få sjå kor det veks

Ved å setta ut dyrkingskasser på 140x40 cm vil bondelaget gje små og store osingar moglegheiten til å sjå korleis plantene veks til gjennom sommaren. Totalt ti kasser, laga av Os Asvo, er planlagt satt ut.

– Små blømande potetåkrar og frodige kålåkrar skal gjennom sommaren pryda sentrum og minna osingane om at det er maten og jorda vi lever av, framleis.

– Det å dyrka mat i sentrum har blitt ei internasjonal trend. I Oslo har dei blant anna laga ein gard rett ved Operaen i Bjørvika kor ulike korn, grønnsaker og poteter veks fram.

Serverer fårikål

Det heile vil toppa seg med Bondens dag 30. september.

– Det kjekkaste blir jo når vi skal hauste avlinga. Då har vi kål og poteter frå sentrum, og lam som har kome ned frå fjellbeite, så då inviterer vi osingane til kortreist fårikål-middag som avslutning på Bondens dag.

– 30. september blir dagen då vi feirar 150 årsjubileumet saman med osingane. Vi skal ha husdyrutstilling med kyr og kåring av det flottaste værlammet. Det er grunnen til at vi har utsett Bondens dag ein månad, vi må få sauane ned frå fjellet.

– I tillegg blir det ei større maskinutstilling, frukost og det vi håper blir den største markedsgata i sentrum med eit stort utval av kortreist mat og produkter. Der er det berre å melda seg på, seier dei tre arrangørane som er førebudd på å laga minst 300 porsjonar fårikål.

Fadder-butikkar

William Lindborg, leiar av Os sentrumsforening, gler seg stort over prosjektet.

– Dette er fantastisk kjekt. Butikkane i sentrum vil vera med som faddarar til kassene og halde eit ekstra auge med dei undervegs i sommar. Dette ser vi verkeleg fram til å vera med på.

– Vi får berre håpa på godt grovêr i sommar, så vi kan få ei rekordstor avling, og at folk let "åkrane" få stå i fred, avsluttar Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.