Lokal | 15. okt. 2020

– Eit symbol på at dette ikkje berre er ein aksjon

Fylkesaksjonsleiar Marthe Jansen besøkte Turboklubben på ryddeaksjon i Søvikvågen.

– Eit symbol på at dette ikkje berre er ein aksjon
Fylkesaksjonsleiaren i Vestland, Marthe Jansen, var imponert over ungane i Turboklubben. (Foto: Andrè Marton Pedersen).
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 15. okt. 2020 19:57

Årets TV-aksjon skal kjempa mot plast i havet gjennom å etablera og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900.000 menneske. TV-aksjonsmidlane er øyremerkte til tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Turboklubben frå Lysefjorden er i full gang med sin eigen innsamling til si digitale bøsse.

– Vi i Turboklubben er veldig glade i sjøen, og har dei siste fem åra hatt mange aktivitetar i og rundt fjorden. Vi drar ofte på fisketurar og strandturar, så denne innsamlingsaksjonen er svært nærliggjande for oss og sjølvsagt noko vi ønskjer å vera med på, seier André Marton Pedersen.

Turboklubben visar fram sitt engasjement inn mot årets TV-aksjon. (Foto: Andrè Marton Pedersen).
Turboklubben visar fram sitt engasjement inn mot årets TV-aksjon. (Foto: Andrè Marton Pedersen).

Fylkesaksjonsleiaren på besøk

I tillegg til å rydda Søvikvågen, vart det besøk av fylkesaksjonsleiaren i Vestland, Marthe Jansen.

– Dette var ein heilt utruleg gjeng! Eg vart så imponert over all kunnskapen desse ungane har og alle dei gode spørsmåla dei stilte, seier Jansen med stort engasjement.

– Dei visste mykje om plast, plastavfall og om kva øydeleggingar plasten kan føra til.

Fylkesaksjonsleiaren i Vestland, Marthe Jansen, var imponert over ungane i Turboklubben. (Foto: Andrè Marton Pedersen).
Fylkesaksjonsleiaren i Vestland, Marthe Jansen, var imponert over ungane i Turboklubben. (Foto: Andrè Marton Pedersen).

Superviktige ungar

Jansen fekk visa fram både video og bilde av plast i naturen.

– Dette er ikkje berre ein innsamlingsaksjon, dette er ein av Noregs største holdningskampanjar. Difor er det særs viktig og avgjerande at vi inkluderer og engasjerer dei unge, påpeikar Jansen.

Fylkesaksjonsleiaren i Vestland, Marthe Jansen, var imponert over ungane i Turboklubben. (Foto: Andrè Marton Pedersen).
Fylkesaksjonsleiaren i Vestland, Marthe Jansen, var imponert over ungane i Turboklubben. (Foto: Andrè Marton Pedersen).

Enorme bidrag i Bjørnafjorden

Tidlegare denne veka har Jansen vore med ordførar og varaordførar i Bjørnafjorden kommune på ein ringerunde til det lokale næringslivet. Den lokale ringerunden ga godt resultat.

– Når vi ser på tidlegare innsamlingar på Os og Fusa-sidene, så vart dette ny rekord.

– Vi klarte å ringa inn over 300.000 kroner frå det lokale næringslivet i Bjørnafjorden, det er jo berre heilt fantastisk.

Turbokonkurranse

I Bergen har det blitt danna heile 12 Turboklubbar. Dette har opna for ei intern utfordring.

– Vi har utfordra alle dei andre Turboklubbane i Bergen til å konkurrera om kven som klarer å samla inn mest til denne TV-aksjonen, seier Pedersen.

I skrivande stund ser det lyst ut for Turboklubben i frå Bjørnafjorden.

– Akkurat no leiar vi soleklart! Vi er oppe i heile 9.600 kroner. Dei andre har så vidt bikka tusenlappen, seier Pedersen.

– Dette skal jo vera ein lystbetont konkurranse, men vi har skaffa ein solid premie til vinnaren. Den Turboklubben som samlar inn mest pengar vil få seg ein tur med Bergen og Omland Friluftsråd sin båt, Frifant. Dette vil bli ein tur som tar ungane med til ei strand der ein kan rydda, fiska og grilla, seier Pedersen.

Ivrige ungar frå Turboklubben samla inn plast. (Foto: Andrè Marton Pedersen).
Ivrige ungar frå Turboklubben samla inn plast. (Foto: Andrè Marton Pedersen).

Ordførar på oppløpssida

I tillegg til å konkurrera mot dei andre vestlandske Turboklubbane, trekk Pedersen fram ein lokal konkurranse mot sin eigen ordførar.

– Eg ser at ordføraren vår, Trine Lindborg, køyrer hardt på no, og kjem nok opp på oppløpssida etter kvart.

– Men søndagen blir den store dagen tenkjer eg, då vil nok mange som trur at dei får besøk på døra, finna vegen til nokre digitale bøsseberarar.

Ekstra viktig sak

Trass konkurransar og motivasjon til å bidra, er Pedersen ekstra engasjert i årets tema.

– Havet er noko vi alle saman er totalt avhengige av. Dette er jo veldig tydeleg for oss som bur langs kysten og som nyttar oss av denne fantastiske arenaen. Eg vil derfor oppmoda alle Bjørnafjordingar om å bidra med det dei kan, dette er ein ekstra viktig sak, avsluttar Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.