Kultur | 14. mai 2020

Eit tre som innbyr til fest

Eigar vil heller laga fest etterpå, men sjansen blir øydelagt kvart år.

Eit tre som innbyr til fest
Samuraiar og kamikazepilotar brukte treet som symbol på kor kort og flyktig livet er. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. mai 2020 07:48

I månadsskiftet april-mai står det i full prakt, med blomar så tett at treet ser ut som ei sky. Ei lita veke seinare er det over.

– Eg trur det er ein variant av japansk kirsebærtre, seier eigar, Tom-Håkon Mjånes.

Han har overtatt eigedomen bestefaren hadde. Det var han som planta treet.

Japansk kirsebær (Prunus Serrulata) veks i Kina, Japan og Korea. I Noreg kan du mellom anna finna trea rundt Lille Lunegårdsvannet, i Japanhagen til Arboretet og i Botanisk hage.

Symbolikk og vitskap

Den korte blomstringa (sakura) har blitt eit symbol på å gripa dagen, og ei påminning om kor kort og verdifullt livet er.

I Japan har dei feira blomstringa sidan 700-talet, med festen hanami, ifølgje forskning.no i ein temaartikkel om korleis trea kan avsløra klimaendringar.

Japansk kirsebærtre har blitt gitt i gåve til fleire nasjonar, og festen har breidd om seg, blant anna til Europa og USA.

Eit eksempel er den to veker lange kirsebærtreblomstringsfestivalen i Washington DC, skriv BT, som nemner «Fem ting du ikkje visste om japansk kirsebær».

som innledes hvert år den siste dagen i mars. Da fylles byen av rosa blomster, hele 3000 trær springer ut i blomst i løpet av denne perioden, til glede for lokale og turister som flokker til byen.

Fuglane øydelegg festen

Mjånes har ikkje markert blomstringa, som var over i førre veke, men han har ein ambisjon om å laga fest seinare.

Japanske kirskebærtre har rosa eller kvite blomar. Nokre av dei, som Mjånes sitt, har bær.

Treet prydar utsikta over Skeisosen og Ulvsund.
Treet prydar utsikta over Skeisosen og Ulvsund.

– Eg brygger litt øl, og har lyst å prøva å laga likør av kirsebæra. Men kvart år, rett før dei er modne, kjem det fuglar og tar alle bæra.

Tom-Håkon tar imot tips frå lesarane med takk.

– Treet er for høgt til at eg kan kasta ei not over det, men om nokon veit korleis eg kan halda fuglane vekke, så hadde det vore supert.

Midtsiden vidarebringer - tips@midtsiden.no.

– I tillegg har eg ein pensjonert nabo som er fel å gå på slang, han reknar eg med det ikkje finst råd mot, humrar Mjånes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.