Eit vann-vittig fokus
Språkutvikling og sosial kompetanse står i fokus hos Hjellemarka FUS barnehage. Vi var innom då månadens tema, vatn, blei lansert for borna.
– Vi presenterer neste tema på samlingsstund, som vi har éin gong i månaden. No står vatn for tur, fortel dagleg leiar Birte Holsen.
Dei vaksne song, saman med ungane, både "Ro, ro til fiskeskjær" og "Svømming er sunt" før ungane fekk kjenna på vatnet, både i form av små og store såpebobler, innandørs-regn i form av lett dusjing med spruteflaske og tippekonkurranse om kva som flyter og ikkje.
– Ungane synes tema er spennande og det aktuelle temaet blir fletta inn i områda vi har fokus på, sosial kompetanse og språkutvikling. Med eigne språkgrupper tar vi tidleg hand om dei som ikkje har kome så langt som resten, også borna med utanlandske foreldre er med i desse gruppene.
Frå polsk til norsk
Ei av dei tilsette i barnehagen, Mariola Kopecka, er polsk. Ho er ein ekstra god ressurs for Hjellemarka FUS barnehage.
– Eg har høyrt historiar om polske ungar som bur i Noreg som på ferie i Polen snakkar norsk til besteforeldra og andre slektningar. Vi oppmodar utlendingar å snakka morsmålet sitt heime, norsk kjem av seg sjølv, seier Mariola.
Likevel kan det vera godt med litt hjelp.
– Det kan vera enkeltord dei ikkje kjem på, eit problem som der og då kan skapa frustrasjon. Då er Mariola spesielt god å ha. Men også på generell språkutvikling av norsk og i kommunikasjon med foreldra har vi mykje nytte av å ha ei som snakkar både norsk og polsk flytande, seier Birte.
Også for norske
– Men språkgruppa er også ein viktig ressurs for norske born, ungar som treng litt ekstra trening for å koma opp eit nivå. Logopedane som følgjer opp barnehagane og skulane i Os er med på å forma innhaldet i desse gruppene, legg ho til.
I språkgruppa går det også i leik, men med meir samtalar mellom born og vaksen, og med meir fokus på lydar og ordforråd.
God forståing = god åtferd
Utanom språk og eigne språkgrupper har barnehagen ekstra fokus på sosial kompetanse og på det å få borna til å bli kjent med eigne kjensler.
– Ein viktig del av jobbem vår er å få ungane til å kjenna seg sjølv, å forstå kjenslene sine så dei veit kvifor dei reagerer som dei gjer.
– Vi bruker "Samspillmetoden Dialog". Med betre samspel mellom vaksen og ung, med fokus på meistring og tålmod, blir ungane meir harminoske og tryggare på seg sjølv.
Trivst i midlertidige lokale
Hjellemarka FUS barnehage opna i midlertidige lokale bak Søfteland skule i oktober 2009. Tomta dei skal bygga på ligg i det store, nye bustadfeltet som er under utvikling i Hjellemarka.
– Sidan dette har blitt forsinka måtte vi søkja om utvida midlertidg løyve som vi no i haust heldigvis fekk innvilga.
Barnehagen har to småbarnsgrupper (0-2 år), kvar med 14 ungar, og to med eldre born, kvar gruppe med 18 ungar.
– Vi ser fram til å flytta inn i ny barnehage når den tid kjem, men førebels har vi det veldig fint her vi ligg.
– Vi har fine lokale og veldig god plass. Også utandørs er det rikeleg med boltreplass for ungane, seier dagleg leiar Birte Holsen.