Kultur | 24. feb. 2023

Eitt år sidan invasjonen: I dag blir det talar og song

Sjå programmet: Fakkeltog, talar og song for Ukraina i Os sentrum i ettermiddag.

Eitt år sidan invasjonen: I dag blir det talar og song
Marita Hjelle er blant dei som skal halda tale, Tetiana Sorochan skal synga nasjonalsongen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. feb. 2023 13:36

Den Ukrainske Forening i Bjørnafjorden kommune, i samarbeid med lokale organisasjonar og kommunen, markerer i ettermiddag at det er eitt år sidan krigen i Ukraina starta.

Arrangementet i Os er eit av 65 stadar i Norge, merkte under #UniteWithUkraine.

Julia Tveit, leiar i Den Ukrainske Foreining i Bjørnafjorden kommune og ordførar Trine Lindborg inviterer til solidaritetsmarkering for folket i Ukraina. (Foto: Erik Vangsnes
Les ògArrangerer fakkeltog

Arrangørane opplyser at det, grunna brannfare rundt faklane, ikkje er lov med flagg eller bannarar i toget.

Her er programmet for dagen

Fredag 24. februar kl. 17.30: Oppmøte ved Kløvertun (Landboden 45, Os). Sal av faklar.

Ca. 18:00 – 18:15: Fakkeltog frå Kløvertunet til Vognhallen.

Ca. 18:20 – 19:00: Markering i Vognhallen.
Velkomsthelsing.
Ukrainas nasjonalsong ved Tetiana Sorochan.
Eitt minutt stille for ofra i krigen.

Appellar:
Ordførar Trine Lindborg
Leiar av Den Ukrainske Forening i Bjørnafjorden, Julia Tveit
Leiar av Familiens hus, Linda Hevrøy
Leiar av Flyktningtenesta, Marita Hjelle
Leiar av Sanitetsforeningen, Bjørg Strønen
Styremedlem av Den Ukrainske Forening, Pavlo Nevidnychyy

Etterpå blir det kulturelt innslag med Selma og Heine og sal av kaffi og kaffemat.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.