Thomas, her på Maurset, der han overnatta før utøvarane torsdag morgon blei køyrde til start ved Haukeliseter. (Foto: Nina Wallin-Andersen)

Eitt minutt bak vinnaren - 28 timar etter start!

Thomas Wallin-Andersen er i mål etter 100 km med knallhard kniving med to sterke motstandarar.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag ettermiddag, drygt 28 timar etter start, gjekk Thomas Wallin-Andersen i mål i det 100 km lange pulkrennet «Åsnes Expedition Amundsen».

I år landa han på 2. plass etter svært hektisk innspurt.

Thomas låg i tet saman med Ådne Messel Nafstad, som tok 2. plass 52 minutt bak Thomas i 2017, og Gjermund Nordskar, som har vunne Hardangervidda Marathon og som i fjor stakk av med sigeren i Xreid Jotunheimen for tredje år på rad.

Nordskar vann 28 timar og 12 minutt etter start, Thomas gjekk i mål minuttet etter.

Effektiv tid i løypa var 16:42 og 16:43.

Wallin-Andersen har deltatt kvart av dei 10 åra, bortsett frå i 2018. Han vann første gong løpet blei arrangert og han vann i 2017, 52 minutt framfor nestemann.

Totalt sto han med 5 førsteplassar og 3 andreplassar på 8 forsøk før årets pulkløp.

– Eg har trent godt og aldri stått så mykje på ski før Amundsen-rennet som no, sa Thomas til Midtsiden på veg til Eidfjord onsdag.

– Men eg har ikkje konkurrert på ei stund, eller testa formen, og reknar med at det blir eit blodslit som vanleg.

• Les òg: Flytta til fjells for å trena og driva campingplass

Fire utøvarar stakk frå resten

Løpet inkluderer 8 timar obligatorisk kvile, 4 av timane på sjekkpunkt 3. I år var det krevjande forhold med mykje nysnø.

Thomas starta bra torsdag, var blant dei første til første sjekkpunkt, der han tok ein lang kvil, før han plukka konkurrentar fram til sjekkpunkt nummer to, vidare til tredje sjekkpunkt.

Sjå skjermskot av frå map.racetracker.no i bildeserien over.

Han blei del av ein tet som stakk frå resten. Teten besto av fire individuelle løparar og eitt lag (to personar er lag).

Tett og tøff fredag

Thomas låg på 3. plass i 8.30-tida fredag morgon og leia klokka 11.40.

Utover ettermiddagen skifta Wallin-Andersen, Nafstad og Nordskar på å ligga i tet.

Klokka 16.10 sto det 7 kilometer igjen. Då leia Thomas framfor Nafstad på 2. plass og Nordskar på 3. plass.

Også det beste laget, der deltakarane har fordel av å skifta på å gå i ryggen og spora til kvarandre, låg bak, Team Åsnes-Rab låg på 4. plass. Ak Glück-Teigland, som kom på 2. plass i fjor, låg på 5. plass i innspurten.

«Only a few more minutes until the first skiers will cross the finish line. In the lead right now is #20 Ådne Messel Nafstad. It is going to be a close race to the finish between Ådne Messel Nafstad, Gjermund Nordskar and Thomas Wallin-Andersen. The crew is getting ready to cheer here in Maurset and bets are being placed on who is going to arrive first» skreiv livebloggen på xtremeidfjord.no klokka 16.21.

I sluttminutta skifta både Thomas og dei to konkurrentane, ifølgje racetracker.no, på å leia.

Tyngre forhold tilsvarte over 5 timar!

Expedition Amundsen går 100 km på ski, opp 3500 høgdemeter, med pulk på 40 kilo på slep, i den kjente polfararen Roald Amundsen sine fotspor, frå Haukeliseter til Maurset.

I fjor vann Thomas på tida 23 timar og 7 minutt, inkludert 8 timar obligatorisk kvile.

I år tok løpet over 28 timar!

Fleire saker