Sport | 22. apr. 2019

Ekeland-dobbel i storsiger til Os

Knuste Bergen Nord på bortebane.

Roger B. Ekeland, her mot Fana i NM-kvalifisering, skåra to mål i dagens bortekamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. apr. 2019 15:55

Os tapte 0-1 for Stord heime i serieopninga. I dag spelte dei borte mot KM-finalemotstandar i haust, Bergen Nord.

Bergen Nord slo Valdres 1-3 borte i serieopninga, men blei nokre hakk for små mot kretsmeisterane frå i fjor.

Bergen Nord - Os 1-5 (0-1)
Målskårarar: Roger Blokhus Ekeland 2 (1-0 og 4-0), Vegard Strønen Skeie (2-0), Anders Hjelle Havsgård (3-0) og Alexander Mjånes Tøssebro (5-0).
Os: Chris Sunde Midtun - Torgeir Lunde, Alexander Dale (Jonas Hovland frå 28.), Carlos Mendes, Vegard Strønen Skeie - Rune Åsheim Mo, Rafael Villén, Steffen Kvamsdal - Fabian Bødtker, Frode Storebø og Roger Ekeland.

Roger Ekeland, som kom frå Sandnes Ulf til Os i vinter, har ikkje funne nettmaskene for Os før no. I dag blei det to.

Først gav han Os leiinga, så la han på til 4-0 i andre omgang. I tillegg skåra Havsgård eitt og to av årets russ kvar sine mål (Skeie og Tøssebro).

Bergen Nord reduserte til 1-5 fire minutt før slutt.

Os sin neste kamp går heime mot Lysekloster førstkomande laurdag.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.