Lokal | 31. aug. 2012

Ekis gjer comeback

Den populære ungdomspresten på 80- og 90-talet, Einar "Ekis" Ekerhovd, er tilbake i Oskyrkja etter 20 års fråvær.

Ekis gjer comeback
Einar Ekis Ekerhovd er tilbake som ungdomsprest i Os kyrkjelyd (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 31. aug. 2012 13:41

I går kveld hadde Einar Ekerhovd møte med neste års konfirmantforeldre.

- Det blei eit kjekt gjensyn med mange eg hadde som konfirmantar sist eg var her, fortel Einar Ekerhovd, best kjend som "Ekis".

Han er no tilsett som midlertidig ungdomsprest i kyrkjelyden. Eit engasjement som går fram til jul i første omgang.

- Eg håper og trur det blir ei forlenging på engasjementet, seier ungdomspresten, som i perioden 1984-1992 skapte eit miljø rundt Join Us det framleis går gjetord om.

Meir enn eit kor

Då Join Us var på topp på byrjinga av 90-talet var det heile 150 ungdommar som var med i tensing-koret.

- Halvparten song og andre halvparten berre hang, smiler Ekis'n.

- Du veit det var mykje meir enn eit kor. Det var eit miljø som ungdommane ville oppleva og vera med på.

- Eg trur alle turane vi reiste på i inn- og utland var med på å skapa det flotte miljøet vi hadde, seier Ekis når han fortel om turar til Alpane i Østerrike, England og Estland.

Vil skapa liv og røre

Ekis utgjer saman med kyrkjepedagog Arne Stautland, frivillighetskoordinator/barnesekretær Stine Kobbeltvedt og trusopplærar Hege Varhaug-Lekven teamet som skal jobba med barne- og ungdomsarbeid i kyrkja.

- Det er eit veldig bra team, skryt Ekis'n.

- Eg har allereie vore på klubben. Den har eit utruleg trøkk og eit stort potensiale.

- Eg håpar vi saman skal klara å skape noko av det same trøkket og miljøet som vi hadde sist eg var her.

Han fortel at arbeidet med konfirmantane blir vesentleg, men like mykje det å jobba tett med dei som har teke på seg å vera leiarar for tildømes tensing og klubben.

- Som Jesus gjorde det, vil eg freiste å støtta kjerna slik at bodskapet og arbeidet spreies ut frå dei, forklarar Ekis'n.

Tok eit annerleis år

Då Ekis reiste frå Os i 1992 gjekk turen sørover til Lillesand og Høvåg menigheiter kor han virka i 13-14 år.

- Då eg i fjor hadde vore leiar i Oase i 7 år fann eg ut at eg ville ta eit annerleis år.

- Det siste året har eg vore vikarprest, bussjåfør og jobba freelance. Når no Os Kyrkja mangla så mykje folk fann eg ut at eg kunne melde meg til teneste, avsluttar Einar Ekis Ekerhovd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.