Eksplosiv feiring under bryggedansen
VIDEO: Sjå fyrverkeriet som akkompagnerte den vellykka bryggedansen i Os hamn i går.

Over 800 deltok på bryggedans utanfor Os Sjøfront laurdag kveld. Arrangør Os kommune hadde, i tillegg livemusikk, spandert fyrverkeri på gjestane og andre med utsikt over Os hamn.
Ole-Marius Røttingen og Propyro stilte med ei flytebrygge fylt med rør med kraftig krut. Brygga blei slept frå basen i Øyane til innseglinga i Os hamn.
Etter å ha fyrt av med høge og låge rakettar, lyse hyl og høge drønn med kraftig ekko i fjellveggen bak sjøfronten, i 6-7 minutt, hausta fyrverkeriet applaus og jubel frå brygga.
VIDEO: Sjå tre minutt av fyrverkeriet i Os hamn i går. (Foto: KVB, midtsiden.no)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.