Lokal | 10. des. 2019

Ekstra fokus på køyring i rus

Både UP og Os lensmannskontor med hyppige kontrollar inn mot jul.

Ekstra fokus på køyring i rus
Politiet i Os, her på Byvegen, er denne veka med på ein nasjonal innsats mot køyring i rus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. des. 2019 08:58

Politiet har denne veka fokus på å forebygga og hindra køyring i rus.

– Måndag i 23-tida kontrollerte vi 16 bilførarar på Strøno, i morgontimane i dag er vi på post ein annan plass, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Også utrykningspolitiet deltar i den nasjonale innsatsen.

Tar nesten éin i veka

Då Os lensmannskontor i 2018 la fram statistikk for 2017, viste det seg at køyring i rus er eit aukande problem.

Frå 2016 til 2017 auka det frå 37 til 41. Bil- og MC-førarar tatt utan førarkort var same periode redusert frå 55 til 41.

– Eg synest det at vi i snitt tar nesten éin ruspåverka i veka er svært høgt. Her kan vi dessverre rekna med at det er store mørketal, sa lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Det blei skrive ut 94 forenkla forelegg og tatt beslag i 42 førarkort i Os i 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.