– Ekstra mange powerbåtar i år
Bergen Poker Run kjem innom Øyane i dag.


I dag er det tid for årets Poker Run i Bergen, eit arrangement for alle med båt som går over 40 knop, men der det ofte er deltakarar som passerer 100 knop.
– I år har vi ekstra mange powerbåtar med, seier arrangør Knut Steen Rakner frå Speedball AS.
• Sjå bildeserie frå då Poker Run kom forbi Strøno og innom Øyane i fjor
Det blir ein livleg dag i Øyane i dag, med Redd Barna Cup, som allereie er i gang, og ei lang rekke ekstra raske båtar.
– Vi har minst fem tilreisande deltakarar i år, båtar frå både frå Arendal, Stavanger og Førde er med. Det har blitt enklare for dei frå Sørlandet etter at Fjordline fekk rute frå Langesund via Hortshals til Bergen. Dei triller båt på hengar om bord, og det er enklare og billigare enn å køyra over fjellet.
Ny rute rundt Strøno
Kortesjen med raske båtar har pitstop på Bunnpris Vedholmen Landhandel i år òg, men har ei litt anna rute forbi Strøno.
Båtane plar koma i høg fart i Korsfjorden for så å siga roleg frå Strønebruo til Ulvsund, for så å legga seg på plan igjen bort til Lepsøybrua.
– Vi startar som vanleg innom Byfjorden, men når vi kjem til Korsfjorden går vi vidare vest for Strøno.
Poker Run går forbi Ervikane og inn Strøneosen, mellom Strøno og Sundøytangen (Tongane) og inn til Vedholmen.
– Eg reknar med at vi er på Vedholmen i 12.30-tida, kanskje før, seier Rakner.
Etterpå går turen vidare til Mandelhuset på Våge, mens festen i kveld er på Taket på Zachen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.