Næringsliv | 09. jan. 2014

Ekstremt lønsam

Brørne Aspenes og Alutec AS har hatt eit overskot på rundt 40 prosent. Kvart år sidan 1999.

Ekstremt lønsam
Espen Aspenes og broren Knut-Jarle har stor vekst og suksess med Alutec AS. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. jan. 2014 08:00

Alutec AS omsette for rett over 100 millionar kroner i 2012, 12 millionar meir enn i 2011.

Resultat før skatt var 43 millionar kroner, i 2011 var overskotet tilsvarande høgt prosentvis, med 36 mill.

– Tidlegare var vi kanskje litt brydd på grunn av dei gode marginane, men så lenge kundane strøymer til og er nøgde med produktet, har vi ikkje dårleg samvit, seier dagleg leiar Knut-Jarle Aspenes til BT.no i dag.

Knut-Jarle eig selskapet saman med veslebror Espen Aspenes. Kvart år sidan 1999 (12 år etter oppstarten) har dei hatt ein resultatgrad på rundt 40 prosent.

8,5 prosent i snitt

Bergens Tidende viser til statistikk frå rådgivningsselskapet Menon, som fortel at norske selskap hadde ein gjennomsnittlig resultatmargin før skatt på 8,5 prosent i perioden 2004-2012.

15,8 prosent av selskapa hadde ein margin på over 20 prosent.

– Ikkje unik

Torger Reve, professor i strategi og industriell konkurranseevne ved Handelshøyskolen BI, seier at selskap med høg margin ofte har skapt noko heilt spesielt, noko ingen klarer å kopiera.

Brørne Aspenes vil ikkje kalla Alutec sitt stillassystem Jamax unikt.

– Stillasa våre er ikkje så spesielle eller så veldig mykje betre enn konkurrentane sine. Det er nok andre faktorar som speler inn, trur Knut-Jarle.

At Alutec har kontroll på alle ledd, frå produksjon til sal og kundeoppfølging er, saman med godt omdømme, blant det dei sjølv trur har vore utslagsgjevande for suksessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.