Kultur | 05. aug. 2016

Ekte festival-stil

Festivaldeltakar Kari Henrikke Myhre Gåssand er skikkeleg Osfest-fan og stilte med gjennomført festivalantrekk.

Ekte festival-stil
Kari Henrikke Myhre Gåssand er skikkeleg fan av Osfest og stilte med gjennomført festivalantrekk. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandfredag 05. aug. 2016 22:01

Bildeserie:

Anita Tiegland (til venstre) tok turen frå Osterøy for å bli med Kjersti Irene Ellingsen på festival. (Foto: KML)
Anita Tiegland (til venstre) tok turen frå Osterøy for å bli med Kjersti Irene Ellingsen på festival. (Foto: KML)
Finn Erik Moberg (foran til venstre) og Eivind Moberg (foran til høgre) og gjengen på "Mobergsbordet" hadde det veldig bra på festival. (Foto: KML)
Finn Erik Moberg (foran til venstre) og Eivind Moberg (foran til høgre) og gjengen på "Mobergsbordet" hadde det veldig bra på festival. (Foto: KML)
1 av 2
Anita Tiegland (til venstre) tok turen frå Osterøy for å bli med Kjersti Irene Ellingsen på festival. (Foto: KML)
Finn Erik Moberg (foran til venstre) og Eivind Moberg (foran til høgre) og gjengen på "Mobergsbordet" hadde det veldig bra på festival. (Foto: KML)

For dei som ikkje hadde kjøpt VIP billettar eller hadde vore på festivalcruise var det fredagskvelden som var starten på Osfest 2016.

Vamp drog det heile i gang, medan Frode Alnæs, Suzanne Vega, Nik Kershaw og Odd Nordstoga stod på programmet vidare.

Publikum koste seg og hadde ulike artistar dei gleda seg til å få sjå på scenen.

Ei av dei som verkeleg har engasjert seg i Osfest og som kanskje er den som har lagt mest tid i antrekket for anledninga er Kari Henrikke Myhre Gåssand.

Med flagrande flott kjole og blomsterkrans i håret passa ho ekstra godt inn då Bård Ose presenterte Osfest som den neste Woodstock, Osstock, frå scenen.

– Eg hadde blomsterkrans i fjor òg, men då var dei falske. I år går eg for ferske blomar og er innom hos Os Blomsterservice kvar dag for å få ferske blomar i kransen.

– Så i morgon blir det ny krans og ny kjole, seier ho smilande.

Gav vekk to billettar

Gåssand meiner det er viktig å skapa blest kring festivalen som ho er skikkeleg fan av. Ho har kjøpt VIP-pass og laurdag har ho meldt seg som frivillig.

– Som frivillig fekk eg kjøpa to billettar til Marcus og Martinus konserten. Eg la ut ei melding på bloggen min om at eg ville gje dei til nokon som ikkje hadde billett og no har eg nettopp levert billettane til ein gut og bestemora hans, fortel ho.

Om konsertane syntes ho Vamp var både og.

– Det er ikkje heilt det same uten Vidar Johnsen. Men Frode Alnæs var fantastisk, og eg gler meg til Odd Nordstoga og Sigvart Dagsland.

– Skapte scenemagi

Det var fleire som var begeistra av det den tidlegare Dance with a stranger-medlemmet presterte på scenen.

Kjersti Irene Ellingsen hadde fått med seg langveisreisande Anita Teigland som kom heilt frå Osterøy til Os for å bli med på festival.

– Vi kosa oss veldig i kveld, det er flinke artistar, men det kunne ha vore litt fleire folk, meinte Ellingsen.

– Frode Alnæs skapte scenemagi og no gleda oss veldig til Suzanne Vega kjem på scena, fortel Ellingsen som syntest det arrangørane har fått til er heilt supert.

– Det var veldig synd då Osøren Blues & Jazzfestival ga seg, men med Osfest har vi fått ein veldig god erstatning. Det er med å setja Os på kartet.

– Veldig proft

På ein av benkane på området sit ein venegjeng og kosar seg.

– Dette er Mobergsbordet dette, seier Finn Erik Moberg og Eivind Moberg spøkefullt, og får protestar nedover på benkerada.

Gjengen er godt nøgd med opplegget på festivalen, Vamp var bra og Frode Alnæs var fantastisk meinte dei.

– God mat er det og, fortel Finn Erik som nett har fått i seg ein hamburgar.

– Det ser veldig bra ut her, skikkelig proft, og vi storkosar oss!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.