Lokal | 01. juni 2018

Eldre bilførar tatt utan lappen - igjen

Ein pensjonist blei tatt av UP i Hegglandsdalen, ein yngre bilist køyrde i hekken på ein trailer på Ulven.

Eldre bilførar tatt utan lappen - igjen
UP i Hegglandsdalsvegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. juni 2018 07:26

Torsdag i 13-tida blei ein eldre mann stoppa av UP på Hegglandsdalsvegen.

– Vedkomande er meldt for køyring utan gyldig førarkort. Han har vore meldt for tilsvarande forhold før, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

I 20.30-tida torsdag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Ulven.

– Ein personbil hadde køyrd på ein trailer bakfrå. Ingen var skadd, men det er oppretta sak.

Ros til brannvesenet

I 13.30-tida i går rykte politiet saman med brannvesen og ambulanse ut på brann i bustad i Hegglandsdalen.

Les meir og sjå bildeserie frå brannen

– Eg vil berømma brannvesenet for den jobben dei gjorde, både med å sløkka bustadbrannen og, ikkje minst, å hindra at brannen spreidde seg til knusktørr skog i terrenget bak huset, seier Hadler-Olsen.

Huseigar, som var til legevakt for sjekk, kom uskadd frå brannen.

– Det er naturlegvis likevel tragisk når heimen din får store skadar. Området er no sperra av, men det er for tidleg å seia kva som er brannårsak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.