Kultur | 15. sep. 2017

Elegant exit for Elias i The Voice

– Det har vore ein opptur, også etter at eg rauk ut, fortel vokalisten frå Os.

Elias og Ingeborg i duett onsdag. (Skjermdump frå TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. sep. 2017 13:27

Osingen og Kongshaug-eleven Elias Grimstad Salbu (18) tok seg vidare i The Voice, men i duell mot Ingeborg Walther onsdag var TV2-eventyret over for denne gong.

I sendinga fekk vi sjå korleis mentor Morten Harket jobba med dei to deltakarane sine under innøving av Meghan Trainor-låta dei song saman; «Like I'm gonna lose you».

– Vi fekk råd frå Morten Harket i fleire omgangar, både under innøving av låta, på lydprøve og i samtalar, fortel Elias til Midtsiden.

– Han er utruleg dyktig, og noko abstrakt, men om du følgjer godt med så forstår du det han vil forklara. Eg har enorm respekt for Harket og er takksam for tida eg fekk ha han som mentor.

Fine tilbakemeldingar

Framføringa av låta ser du på YouTube eller i videoruta over. Begge deltakarane hausta ros, og mentor Josef var spesielt begeistra for Elias sin prestasjon.

Men det var Ingeborg som blei valt av Harket, og ingen av dei andre mentorane nytta sjansen dei hadde til å «stela» Elias.

– Både deltakinga og responsen etterpå har likevel gjort dette til ei god oppleving. Eg har fått massevis av meldingar frå folk som vil gje ros, at noko tar seg bryet med å senda ei melding for å seia at dei synest du er flink, det varmar skikkeleg.

Den norske låta han song på første audition, «Riv i hjertet», er spelt 24.000 gongar på Spotify. Videoane av «Riv i hjertet» og duetten onsdag er begge spelt av 16.000 gongar kvar på YouTube.

Syng i Os i oktober og desember

Mens Elias flyt på den gode opplevinga i The Voice held skuledagen ved Kongshaug Musikkgymnas fram.

– Stemninga er god og eg gler meg til resten av skuleåret.

– Blir du og medelevar å høyra i Os i nær framtid?

– Ja, vi skal synga på ei gudsteneste i oktober, og så har vi jo dei faste julekonsertane i Os kyrkje i desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.