Meining | 18. juni 2025

Elev: – No er det nok

Hotelltomta, Essotomta og uteskule. Elevane ved sjette trinn på Borgafjellet barneskule har skrive lesarinnlegg om det dei er opptatt av.

Elev: – No er det nok
Lesarinnlegg
Lesarinnleggonsdag 18. juni 2025 11:39

Sjette trinn ved Borgafjellet barneskule har samfunnsengasjerte elevar.

Denne våren har dei skrive lesarinnlegg av det som opptar dei.

Ut av alle tekstane som blei produsert har elevane på trinnet sjølv plukka ut fire lesarinnlegg, som dei sendte inn til avisa.

God lesing!

__________________________________________________________________________________

UTESKULE

Eg er elev på Borgafjellet barneskule.

Vi har ein flott ny skule med snart 300 elever.

Klassen vår er glad i uteskule og vi treng meir leik og fysisk aktivitet.

Det vi ser no er at naturen rundt skulen forsvinn til fordel for leilegheiter.

For det første; eg meiner at vi lærer mykje betre ute fordi da får vi frisk luft og da er det lettare å konsentrera seg.

For det andre; er det ikkje bra å berre sitte inne ein heil dag og jobbe på PC, det er mykje betre for kroppen å vera ute.

Viss vi har lite fysisk aktivitet og sitter mykje i ro, blir vi fortare sjuk.

For det tredje; når du var liten, ville du heller sitte inne å jobba enn å gå ut å ha det kjekkare med læringsaktivitet i frisk luft?

Dessutan blir du meir kreativ av å vere ute. I naturen får vi meir utfordringar og må læra å vurdera risiko. Barn i dag treng også det!

Takk for at de les, så håper eg dette overbeviser!

Lars Røykenes Kvamme

-elev Borgafjellet barneskule-

__________________________________________________________________________________

NO ER DET NOK!

Eg er elev på 6. trinn på Borgafjellet barneskule og eg ser at kommunen har bygd mange leilegheiter i Os sentrum.

No har eg høyrt at det er planar om leilegheiter med fire etasjar på Essotomta, det skjønnar eg ikkje.

For det første, det er nok leilegheiter i sentrum, men vi treng meir plass der folk kan vere ute.

For det andre, vi treng ein bensinstasjon for båtane og dei som ikkje har ein elektrisk bil.

For det tredje, det blir mykje bråk for dei som bur i leilegheitene.

Dessutan så er det altfor høgt, leileghet med fire etasjar passar ikkje der.

Amund Hanken

-Elev Borgafjellet barneskule-

__________________________________________________________________________________

Hotell ved Oseana?

Denne saka handlar om at kommunen vil ha hotell ved Oseana.

Eg synest ikkje at de burde bygge ved Oseana fordi:

For det første: Når folk på hotellet er på romma sine, så kan dei sjå inn i leilighetane til dei som bur der. Det synest eg ikkje er greitt, folk må få lov å ha privatliv!

For det andre: Dei på kulturskulen blir kasta ut fordi de skal bygge, det er faktisk ikkje greitt! Dette er ein stad der folk i alle aldrar kan vere på fritida å kose seg. Det er ca. 450 barn som brukar kulturskulen kvar veke. Meiner kommunen at dette ikkje er så viktig?

Dessutan er det hus rett bak og då kan de ikkje bygga eit høgt hotell framfor. Når hotellet blir bygd så høgt og bilane kjøre forbi, så kommer lyden tilbake til husa som en sprettball.

Sjå på biletet, oppfordrar Lilja. Foto: Skjermbilete Google maps

Om du ser på biletet, så ser du at på venstre side er det ein bilveg, og viss du ser så er det hus lengre oppe som berre får bråk inn til seg, og som eg sa, dei får ikkje privatliv.

Lilje Bødker Beisland

-Elev Borgafjellet barneskule-

__________________________________________________________________________________

KVAR VART DET AV UTESKULEROMMET VÅRT?

Eg er elev på Borgafjellet barneskule. Vi har uteskule kvar måndag.

Mykje av naturen blir rive, men det er mange i klassen min som likar uteskule og utan natur blir det uteskule på asfalt.

Eg meiner at i Bjørnafjorden er det mykje fin natur som bør bli der den er.

Mange i klassen har uro i kroppen og klarer ikkje sitte i ro heile dagen. Sjølvsagt har vi friminutt, men mange elevar i klassen lærer betre ute og i fysisk aktivitet.

Det er bra for kroppen å være ute i naturen. Det er ein god måte å bli betre trent på.

Klassen blir glad. Når ein går tur så produserer kroppen endorfinar som gjer kroppen meir positiv og glad.

Dette ser vi gjev oss eit betre klassemiljø.

NATUREN ER VIKTIG,

IKKJE TA DEN FRÅ OSS!

Oliver Fiksen Skjoldal

-Elev Borgafjellet barneskule-

__________________________________________________________________________________

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.