Frå venstre: Kristine Krokli, styremedlem i Hjelp Moldova og tidlegare elev ved Os vgs, saman med Oda Wågsæther Egenæs og Aleksandra Hjelle frå Os Gymnas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Elevar hjelper Moldova

Heldt foredrag etter gripande studietur: Elevar frå Os Gymnas og Os vgs med støtteaksjon for optikar Hans Bjørn Bakketeig og Hjelp Moldova. 

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I oktober er det Internasjonal Veke og 1. november er OD-dagen ved fleire skular i Noreg. Operasjon Dagsverk er dagen då elevar bruker ein skuledag til å jobba og gjev løna til eit godt formål.

I år har elevane ved Os Gymnas bestemt seg for å gjera som Os vidaregåande skule har gjort dei siste åra, organisera ein eigen solidaritetsaksjon som tilsvarar OD, men der dei sjølv bestemmer kven som skal få pengane.

– Vi har lese og høyrt om Hjelp Moldova og optikaren Hans Bjørn Bakketeig frå Os, som Os vgs har støtta dei siste åra, og bestemte oss for at vi også ville hjelpa, seier Oda Wågsæther Egenæs frå Os Gymnas.

Saman med skulevenninna Aleksandra Hjelle , assisterande rektor ved Os Gymnas, Monica Haugland Bergh og elevar og lærar frå Os vgs fekk ho i september ein tur til Moldova saman med Hans Bjørn Bakketeig.

Måpande medelevar

I går heldt Oda og Aleksandra eit foredrag for alle medelevane på Os Gymnas. Med bildeframsyning og fakta, eksempel på korleis Hjelp Moldova jobbar og historiar om konkrete folk som hadde fått hjelp, kom publikum tett på målgruppa for aksjonsdagen.

Jentene fortalte om det fattige landet med 4,3 millionar innbyggarar, om legar som tener 450 euro i månaden, om ringverknadar av det å vera svaksynt eller blind og om prisen på briller, som tilsvarar ei årsløn. Hjelp Moldova deler ut gratis briller.

Noko av det som hadde gjort sterkast inntrykk var å vera tilskodar under ein operasjon, der helsepersonell hadde neste baby klar til operasjon i ei vugge ein meter frå operasjonsbordet, og vugga og trøysta den skrikande ungen samtidig som dei opererte.

Medelevane sat måpande og følgte med på bilde frå både sjukehus, pasientbesøk og ein heimelaga rullestol.

– Godt å sjå at hjelpa kjem fram

Oda og Aleksandra seier dei synes det var godt å sjå korleis hjelpa kjem fram og kor lite pengar som skal til for å gjera ein forskjell i Moldova.

– Eg hadde med ein bamse som eg gav vekk til ein unge og eg har aldri sett ein så glad unge før, fortel Aleksandra.

Ho og Oda var også og handla varer til ein familie som organisasjonen har gjeve hjelp til.

– Vi betalte 300 kroner for 7 fulle handlenett. Då hadde vi nesten tømt hyllene i den vesle landhandelen.

Tett program 

Det blei ei innhaldsrik lita veke for reisefølgjet frå Os. Dei besøkte Hjelp Moldva sitt Synssenter i Chisinau, ein barnehage for synshemma, og universitetsjukehuset Municipal den første dagen,  barneavdelinga ved eit av dei største sjukehusa i Chisinau og universitetet Ion Crianga universitetet neste dag.

Laurdag 15. september var det eit friare program, søndag gjekk med til besøk hos den tuberkuloseramma familien som har fått nytt hus av Hjelp Moldova, og besøk heime hos det foreldrelause søskenparet Ana (13) og Andrej (10) i landsbyen Trebuceni.

Måndag før heimreisa klarte osinga også å få tid til besøk på Barneheim nr 74 i Chisinau som Hjelp Moldova har støtta gjennom snart 10 år.

– Eg synes Oda og Aleksandra hadde ei veldig fin oppsummering av turen. Dei fekk oppleva veldig mykje, men fekk likevel vist mesteparten og på einveldig god måte, seier tidlegare elev ved Os vgs, no styremedlem i Hjelp Moldova, Kristine Krokli.

Håper på støtte frå næringslivet i Os

Oda og Aleksandra avslutta med å oppfordra elevar som tener meir enn dei obligatoriske 300 kronene denne dagen å gje også dei kronene til Hjelp Moldova.

Dei reknar med å få inn rundt 85.000 kroner denne dagen.

– Når vi gjev vekk ein skuledag for å støtta andre så er det ikkje for å tena pengar til oss sjølv. Pengane betyr meir for andre, sa jentene, som også vil oppfordra bedrifter i Os å støtta organisasjonen som årets optikar på verdsbasis, Hans Bjørn Bakketeig, er leiar for.

Desse deltok på turen: Therese Hjelle (elev Os vgs ), Jo K. Olsen (lærar Os vgs), Hans Bjørn Bakketeig (leiar, Hjelp Moldova), Aleksandra Hjelle (elev Os Gymnas), Ola Haraldseid (elev Os vgs), Oda W. Egenes (elev Os Gymnas), Monica Haugland Bergh (assisterande rektor Os Gymnas), Sigvaldi Thorlasson (lærar Os vgs) og Kristine Krokli, tidlegare elev Os vgs og styremedlem i Hjelp Moldova.

Du kan lesa meir om turen, og om Hjelp Moldova, på hjelp-moldova.no.

Fleire saker