Korona | 02. mai 2021

Elevar på fleire skular i karantene etter fest

Festdeltakar testa seg fredag, fekk påvist covid-19 søndag.

Elevar på fleire skular i karantene etter fest
Elevar ved Os vgs og Os ungdomsskule, som var på festen, er i karantene i ti dagar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. mai 2021 21:04

Elevar ved fleire skular har søndag fått melding om karantene etter ein fest i helga.

Festen var på Kuventræ. Ein av deltakarane skal ha testa seg fredag og fått påvist covid-19 søndag.

Vedkomande er ikkje elev ved Os vgs, men Os vgs har heimeskule for alle i morgon, måndag 3. mai.

– Det var så uoversikteleg at vi valte å gjera det sånn, seier rektor Johan Henrik Lassen.

Elevar frå fleire vidaregåande skular i Bjørnafjorden og Bergen var på festen.

Elevar ved Os ungdomsskule, som deltok på testen, har via foreldra fått beskjed om å halda seg heime måndag, og å testa seg snarast råd.

Uavhengig av testresultat er alle som var på festen i karantene i ti dagar. Dette skal gjelda over 60 ungdomar.

Midtsiden har prøvd å nå kommuneoverlegane i Bjørnafjorden utover søndag kveld, utan hell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.