Lokal | 14. nov. 2020

Elevar på Nore Neset må i karantene

Elev på ungdomsskulen har fått påvist covid-19.

Elevar på Nore Neset må i karantene
Delar av 10. trinn må i karantene, heile trinnet får heimeundervising ut veka som kjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. nov. 2020 14:27

Ein elev på 10. trinn ved Nore Neset ungdomsskule har fått påvist covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune i dag.

Nær halvparten av elevane på trinnet er rekna som nærkontaktar til den smitta eleven, og skal i karantene.

Men alle elevane på 10. trinn skal halda seg heime, og får heimeundervising til og med fredag 20. november. Karantena gjeld til og med laurdag 21. november.

– Eleven er testa i ein annan kommune. Smittetilfellet blei ikkje varsla direkte til oss, men foreldra tok kontakt.

Det er ingen grunn til å tru at elevar eller tilsette på dei andre trinna ved skulen har vore utsette for smitte i dette tilfellet, og dei kan difor møte på skulen som vanleg på måndag.

– Er nokre av dei smitta i Bjørnafjorden innlagte på sjukehus?

– Ikkje så eg veit, svarer ordførar Trine Lindborg.

Denne veka har smitte ført til karantene både for 8. trinn ved Os ungdomsskule og 3. trinn ved Os barneskule.

I vår var det fleire som klagde på full nedstenging, då det var lite smitte i vår kommune. No er det enkelte som meiner at alt bør stengast heilt ned, for å stoppa smitta.

– Er det vurdert å stenga skular som ikkje har smitte?

– Nei. Helseminister Høie er klar og tydeleg på at det har høg prioritet å halda tilbod opne for born og unge, og for sårbare grupper.

Foreldra ringte og opplyste Dei øvrige elevane på trinnet er ikkje i karantene, men alle vil likevel få digital heimeundervisning neste veke. Ingen elevar på 10. trinn på Nore Neset ungdomsskule skal difor møte fysisk på skulen neste veke.

Kommunen og rektor ved Nore Neset ungdomsskule følgjer opp den smitta eleven, elevane på trinnet og dei tilsette.

Sidan 10. klassingen frå Nore Neset er testa i ein annan kommune, går den ikkje inn i vår statistikk. Smittetalet i haust er framleis 49 tilfelle.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 49 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingen av dei med symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.
3. november: Mann i 50-åra, smitta av nærkontakt han var i karantene med.
(6. november: Kvinne i 50-åra, smitta i utlandet, var i karantene i Bjørnafjorden)
6.. november: Jente i tenåra, smitta i ein annan kommune
8. november: Tre menn i 20-åra, ikkje relatert til kvarandre, smitta i ein annan kommune
9. november: Tilsett ved Luranetunet. 16 bebuarar og 7 tilsette i karantene.
9. november: Jente i tenåra. Heile 8. trinn ved Os ungdomsskule og fleire ved Ung Arena i karantene
(11. november: Elev ved Os vgs som bur i ein annan kommune og testa seg der.)
12. november: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
12. november: Kvinne i 30 åra og to menn i 30-åra, kjent smitteveg.
13. november: Gut i 3. trinn på Os barneskule.
13. november: Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 50-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
(14. november: Elev på 10. trinn ved Nore Neset ungdomsskule, testa i ein annan kommune)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.