Elg (!) påkøyrt i Samnanger
Det er elg nærmare Os enn det du kanskje trur.

Bildeserie:
– Vi veit at det er elg på Voss og i Kvinnherad, og kvar sommar får vi meldingar om observasjonar i Samnanger.
– Den einaste elgen vi eksakt veit om i Samnanger er no altså påkøyrt.
Dette fortel viltkontakt i Os og Samnanger, Espen Krüger Andersen.
Andersen fortel at meldinga om samanstøyten kom i 17-tida laurdag ettermiddag.
– Vi fekk ei melding om at det hadde vore ein kollisjon mellom ein bil og ein elg like før Fossen Bratte på veg opp mot Kvamskogen. Elgen hadde teke seg vidare opp i skogen, men då vi kom til staden fann vi den knappe 100 meter frå ulykkesstaden.
Les òg: Tilbake i 2011 var det fleire som meinte å ha sett elg i Hegglandsdalen og på Tøsdal.
Stort dyr
Andersen fortel at elgen raskt vart avliva, og at det var trong for maskineri for å få den ned att til vegen;
– Elgoksen er truleg tre-fire år gammal, og den vog nok nærare 200 kilo, så vi fekk god hjelp av ein traktor med hengar for å handtera det store dyret.
– Kva skjer vidare med elgen no, vet det elgsteik på nokon?
– No skal vi først partera dyret, og så får sjå kva det eventuelt er av indre skadar. Ved hjorte-påkøyrsle finn vi ofte at dyret er såpass skada at kjøtet ikkje kan nyttast vidare. Dei einaste synlege skadane vi såg på denne elgen var ein broten bakfot, så det kan jo vera at det vert elgsteik på nokre av dei gode hjelparane vi hadde i dag.
Andersen fortel at bilen nesten ikkje hadde skader og kunne etterkvart køyra vidare.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.