Kultur | 15. aug. 2017

Elias deltar i The Voice

I neste veke kan du sjå Elias Grimstad Salbu (18) synga for blant andre mentor Morten Harket.

Elias deltar i The Voice
Elias Grimstad Salbu under innspelinga i april. Tysdag i neste veke ser du han på TV2. (Foto: Robert Dreier Holand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. aug. 2017 10:07

Bildeserie:

Elias i UKM i 2012, rett før han fylte 13 år. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)
Elias i UKM i 2012, rett før han fylte 13 år. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)
Årets mentorar: Martin, Lene, Morten og Yosef. (Foto: TV2)
Årets mentorar: Martin, Lene, Morten og Yosef. (Foto: TV2)
1 av 2
Elias i UKM i 2012, rett før han fylte 13 år. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)
Årets mentorar: Martin, Lene, Morten og Yosef. (Foto: TV2)

Elias Grimstad Salbu frå Os er ein av deltakarane når TV2 med programmet «The Voice» skal jakta på Noregs beste stemme.

Premiera er måndag 21. august, tysdag 22. august er Elias blant6 deltakarar som skal synga for mentorane, i håp om at dei liker stemma, trykker på knappen og snur stolen.

Årets mentorar er: Morten Harket, Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam og Martin Danielle.

– Det var tilfeldig at eg oppdaga det på Facebook. Eg såg at Morten Harket skulle vera mentor og sa på fleip til kameraten min at kanskje eg skulle melda meg på. Han blei heilt gira og det enda med at eg sendte søknad, fortel Elias til Midtsiden.

Etter innsending av søknad og video i februar-mars blei han oppringt og invitert til intervju i Oslo.

– Eg tenkte jo «yes, eg er med!», men det var ikkje så enkelt. Eg trur dei hadde 1500 søkjarar som skulle bli til 90 som skal på TV. Eg måtte gjennom 3-4 autions før eg blei tatt med.

Elev på Kongshaug

Før han fylte 13 år tok Elias UKM med storm (05:42 ut i videoen). Hausten det same året (2012) gjekk han vidare to rundar ut i Norske Talenter, før han i desember same år song på Fusaferja for å marknadsføra felles UKM for Os og Fusa i 2013. I 2013 blei han headhunta til folkeoperaen «Havfest».

– Eg driv framleis mykje med musikk, og startar no på tredje året ved Kongshaug Musikkgymnas, fortel Elias, som sjølv om han kjem frå Os bur på internat ved skulen i same kommune.

– Det er eit privilegium å vera elev på Kongshaug, å få driva så mykje med musikk saman med flinke lærarar og medelevar.

Håpa på Morten eller Yosef

Etter at det blei klart at han kom med i årets «The Voice» tok han med seg tre kameratar frå skulen, og kjærasten Maja frå Åsane, som i vår var avgangselev ved Kongshaug, til Fornebu for å synga for mentorane for første gong.

– Også dei kjem på TV tysdag, seier Salbu om støttemannskapen sin.

– Kvifor The Voice, og ikkje Idol?

– I Idol ser dei etter «Norges største superstjerne». Eg føler The Voice handlar meir om musikk, ikkje utsjånad eller korleis du ter deg på scenen.

Innspelinga var i slutten av april. Kva han syng og korleis det gjekk kan Elias naturlegvis ikkje avsløra.

– Eg syng på norsk og eg hadde på førehand håpa at Morten eller Yosef skulle snu seg. Eg trur dei passar min stil best.

(Om éin mentor snur seg så er Elias vidare, og dermed mentor for deltakaren. Om fleire snur seg, kan Elias velja kven han vil ha som mentor.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.