Kultur | 09. mai 2012

Elias i Norske Talenter

Elias Grimstad Salbu, som sjarmerte juryen i senk under UKM i Oseana i vinter, er vidare frå pre-audition i Norske Talenter.

Elias i Norske Talenter
Elias med papira som viser at han er vidare til audition i juni framfor den kjente juryen frå TV2. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mai 2012 06:37

I desse dagar held TV 2 på med pre-audition til årets Norske Talenter, som kjem på skjermen til hausten. I morgon er det audition i Stavanger, laurdag går turen til Ålesund.

Men allereie i april var det pre-audition i Bergen, og då var det minst éin frå Os som stilte; Elias Grimstad Salbu.

– Det gjekk kjempefint, eg gjekk vidare til hovudaudition, som er i juni, og som blir vist på TV 2 etter sommaren, seier Elias til Midtsiden.no.

TIPS MIDTSIDEN: Veit du om andre deltakarar frå Os? Kontakt oss på 90789270 eller kjetil@midtsiden.no.

Song to låtar

Unge Salbu stilte i utgangspunktet med låta Fringes av Shane and Shane.

– Denne var litt ukjent for dommarane, så eg song ein låt til, Give love a try av Nick Jonas.

– Det er den same som eg song i UKM og med den gjekk eg vidare.

Sjå video av Elias

Elias var blant dei som gjekk vidare frå ungdomens kulturmønstring (UKM) i Os i Oseana i starten av februar i år.

Her kan du sjå bildeserie og video frå UKM.

Elias kjem cirka 8 minutt ut i snutten med same song som den siste han framførte på pre-audition i Norske Talenter.

Programleiar Blipp

Tidlegare i vår blei det kjent at årets Norske Talenter-jury blir lik som fi fjor, Alex Rosén, Mia Gundersen og Adil Khan er klare for ein ny sesong.

Til å leia programmet kjem TV 2-ringrev Solveig Kloppen (40) og NRK P3-programleiar Stian Blipp Glopholm (22).

Blipp var nyleg i Os som hovudtrekkplaster under standupklubben Råkt Opp & Ned sin kveld på Irish Cat for ein dryg månad sidan.

Sjå video av Blipp som standupkomikar på Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.